Daglig arkiv: 05 oktober 2010

Juniortap igjen.

05 oktober 2010
Skrevet av:

Juniorane tapte i sesongavslutninga

Ein kan vel ikkje snakke om ei særleg minneverdig sesongavslutning når ein taper 2-5, men Ravnjuniorane kjempa godt og leverte ein bra kamp heime mot Valder/Vigra mandag. Ravn leia 1-0, men Valder snudde til 1-2 før pause, og gjekk opp til 1-3 like etter. Ravnredusering til 2-3 og ein kjempesjanse til utlikning med ball i stonga skapte spenning i kampen. Den varte til kvarteret stod att, då gjorde Valder 2-4, før det vart 2-5 på straffe i sluttminutta.

For fire 19-åringar var dette avskjedskampen. Ole Sivert Vestre Hauge scora to flotte mål og kjempa glimrande. Det gjorde også Emil Bjørlykkhaug, som la opp i fjor, men var sporty og stilte opp til haustsesongen. Også Thomas Aarseth spelte sin siste juniorkamp, men han blir definitivt å finne i seniortrøya. Lars Inge Engstrøm hadde både sin første og siste juniorkamp då han kom innpå i sluttminutta; han har ikkje spelt ein Ravnkamp sidan han var 10 år!

Av dei andre som var med stod Martin Skaar Vadset ein svært god kamp i mål, og på høgrebacken viste Joakim Otterlei årsbeste. På topp jobba John Ivar godt og hadde fortent scoring.

Dette var også avskjedskampen til trenar POT, som ikkje hadde vett til å gje seg når han og laget var på topp ( i fjor haust).

POT.

Red anm: IL Ravn takkar Per Ove for den flotte jobben han har gjort med desse ungdommane opp gjennom åra,
og all innsatsen han har gjort for Ravnfotballen.
Vi håpar naturlegvis å sjå han i ulike roller i Ravnfotballen i mange, mange år framover. Tilbodet vil i alle fall vere der.

Han har nok sett for seg at han skal gjere livet utrygt for fisk og krabbe i Grytafjorden framover, men webredaksjonen
vil legget til at bestanden neppe er so berekraftig at ein kan drive med dette kvar kveld.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv