Slitesiger til A-laget over HaNo (oppdatert).

29 september 2010
Skrevet av:

Ravn – HaNo 2-0 (0-0)
Mål. Kim Krogsæter og Thomas Aarseth
Ravnbørsen: 3p: Kim, 2: Eivind G Ulla, 1: Thomas

To seine mål av Kim og Thomas gav Ravn 2-0 over HaNo i ein skikkeleg slitekamp som var spennande til siste slutt.
HaNo var best i første omgang. Dei slo langt opp, det førte til at heimelaget kom litt på hæla og hadde problem med å falle av. Trykket frå gjestane resulterte i fleire bra sjansar etter corner og frispark. Ravn hadde ikkje dei store sjansane, men iherdig jobbing og svake HaNoavslutningar gjorde at det var mållaust til pause. I tillegg hadde Holger fleire gode redningar på strek.

I 2. omgang greidde Ravn å løfte laget høgare på banen. Kim jobba sterkt på topp, og ein opplagt Thomas skapte mykje plunder for HaNo på høgrekanten. Etter halvtimen vart Kim spelt gjennom, runda keeper og gjorde 1-0. HaNo hadde ein kjempesjanse, men frå kort hald gjekk skotet rett på Holger. Fem minutt før slutt drog Thomas seg fint innover og avslutta med skot som via ein HaNospelar gjekk i mål. Eit hardtjobbande heimeforsvar hekdt unna mot slutten og heldt dermed nullen for første gang i haust. Etter denne sigeren blir det 6.plass på Ravn. Ein kamp står att, borte mot Giske førstk. søndag.
HaNo endar på 7. plass. Ravn greidde med andre ord å halde HaNo bak seg på tabellen med dette resultatet.

Vi er då det 3. beste seniorlaget på herresida i kommunen. I følgje norborg.com har Ravn ikkje vore i denne posisjonen sidan 1982. Med andre ord 28 år sidan.
Då er det berre å starte med jakta på 2. plassen…forhåpentlegvis er vi der før 28 nye år har gått! Eventuelle kommunesamanslåingar kan naturlegvis stikke kjepper
i hjula for dette…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv