Ravnkampar i går (onsdag).

09 september 2010
Skrevet av:

Alaget tapte i går 3-2 ute på Lepsøya. Nesten eit heilt lag er vekke i forhold til det
vi hadde i vår pga skulegang, militæret og skadar, og haustsesongen ser ut til å bli tung for laget.

Vårt gode G13-lag var i går på Høddvoll og møtte Hødd. Der møtte dei som venta svært
tøff motstand, og det blei eit 5-1 tap. Det må leggast til at Hødd er det suverent beste
13-årslaget på Sunnmøre, og toppar 1. divisjon i einsam majestet. Ravn ligg i skrivande
stund på 3. plass, noko som må seiast å vere svært bra i dette selskapet. Valder, Herd og Langevåg
er laga som ligg rundt Ravn på tabellen. Det er ei fin fjør i hatten for våre gutar og klubben å vere med å kjempe
mot desse laga. Dette er store klubbar med tradisjonar, stor breidde og som driv det godt i sine ungdomsavdelingar.
Og då gjer vel vi det òg?

Eine G11-laget vårt var på Ellingsøya, og dei spela ein heilt jamn kamp mot Ellingsøy.

På Ravn Stadion hadde J11 besøk av Giske. Jentene gjennomførte ein god kamp.
Stor leiing til pause, som vart ein del redusert utover i 2. omgang, da ein nok slapp
skuldrane vel langt ned.

J12 var i Ratvika og spelte ein jamn kamp mot Aksla. Ein god 1. omgang og ein mindre
god 2. omgang gjorde at det vart eit jamnt resultat.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv