Oppmuntrande for A-laget, 3-2 mot Hessa

15 september 2010
Skrevet av: webred

Ravn – Hessa 3-2 (2-1)
Mål Ravn: Øyvind Farstad (2) og Eivind Grøtt Ulla.
Ravn-børsen: 3: Andrè Fjørtoft, 2: Øyvind Farstad, 1: Eivind G Ulla.
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg

Ravn fekk ei fin oppmuntring etter ein tung periode då godt plasserte Hessa vart slått 3-2 på Eidet onsdag. Displinert spel, svært god laginnsats og tre flotte mål låg bak den litt overraskande seieren.
Men Hessa åpna best; då Ravn leika seg for mykje etter løysing snappa dei ballen og scora etter 42 sekund. Like etter var det nær 0-2 etter corner og heading i stolpen. Utlikninga kom like etter på eit mønsterangrep der stoppar Øyvind var framme og sette ballen i mål.
Hessa var det førande laget utover i omgangen, men Ravn fekk sine sjanser på kontringar. 2-1 kom etter ei nydeleg dragning og ei kanonkule i i vinkelen av Eivind, som viste glimt av gamle takter. Og Ravn var nære 3-1 etter at Eirik Tomren (16) avslutta ei rask kontring med skot der keeperen gjorde ei god dobbelredning.

Ravn hadde overtaket i 2.omgang, og det vart ein kalddusj då 2-2 kom kvarteret før slutt. Ein gjennomfrossen Holger gav retur på eit frispark og den gjekk i mål. Men Ravn køyrde på vidare, og Tony Ellingsen var mannen bak seiersmålet. Ravn fekk frispark frå ca. 30 meter, Tony sende eit knallhardt skot inn i feltet, og der var Øyvind visstnok sist på ballen til 3-2.

Utanom unge Tomren var 5 Ravnjuniorar på banen: Holger og Thomas er veteranar i A-lagssamanheng, Jørgen og Michal – som avslutta flott på høgrebacken – har fått 2-3 kampar i haust, og i denne kampen var det klart for ein ny debutant; John Ivar Eide (17) kom inn og jobba hardt på topp siste halvtimen.
Ein samla god laginnsats, og utanom poengplukkarane utmerka Thomas og Tony seg med sterk jobbing.

4 Kommentarer til Oppmuntrande for A-laget, 3-2 mot Hessa

  1. ref datert 21 september 2010 kl 9:34 pm

    Typisk Ravn å stille med 11 mann ja. Ikkje så mykje å skryte av at 10 mann stiller..

  2. Ravn datert 20 september 2010 kl 4:47 am

    Typisk Ravn…

  3. ref datert 17 september 2010 kl 5:13 pm

    Nei det nevner vi ikkje..

  4. kåre datert 17 september 2010 kl 3:02 pm

    Verdt å nevne at Hessa kyn møtte med 10 spillera?

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Arkiv

WP SlimStat