Juniortap 1-3 mot Brattvåg

14 september 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane tapte 1-3 borte mot Brattvågs gode mannskap mandag. Heimelaget styrte stort sett heile kampen og leia 2-0 ved pause. Men Ravn hadde kampens første store sjanse, dessverre kom John Ivar Eide litt for langt ut på sida då han var for blankt mål i 1.minutt.

Trass i at vi vel aldri var i nærheita av poeng leverte våre unge menn (snittalder akkurat 17 år) ein heilhjarta innsats og heldt heimelaget til uavgjort i 2.omgang. Då gjorde vår bakre firar ein flott omgang, eit stort pluss til Brede K. Solheim (16) på høgrebacken. Også Kenneth Helle på midtbanen gjorde årsbeste. Framme jobba John Ivar enormt, og var mannen bak den fine pasninga som Øystein Longva Tennfjord sette i mål til 1-3 kvarteret før slutt.

Spelemessig viste vi ikkje dei store taktene, men så er ikkje gummimatta i Brattvåg lett å spele på. Den set stor krav til teknikk, og vanlegvis er våre gutar ikkje så svake med ballen i beina som i denne kampen. Dommar Palmar Blindheim dømte godt i ein fairspelt kamp utan kort, og kom inn i garderoben og takka begge lag for ein fin tone gjennom heile kampen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv