Gutelaget snudde kampen, 5-3 over Ellingsøy

17 september 2010
Skrevet av:

Gutelaget veksla mellom det ordinære i 1.omgang og låg under 1-3 ved pause, men samla seg til ein kollektiv laginnsats som gav fire flotte mål i 2 omgang, utan at Ellingsøy makta å redusere. Dermed vart det 5-3, den 3. strake seieren og framleis tabelltet for G16 på Eidet fredag.

Ravngutane åpna bra, men Ellingsøy gjekk i teten på straffespark, som Martin nesten fekk avverga. Ravnspissane fekk hard motstand av eit godt gjesteforsvar, men då Eirik fekk eit framspel midt i omgangen var han sikker og avslutta nede i hjørnet.
Så kom Ellingsøy sterkt mot slutten og fekk to mål, og då var forsvaret vårt ikkje heilt på hogget. Stian hadde nær redusert like før pause, men frå 25 meter small skotet i tverrliggaren.

Det varte lenge før dei stolte kvittrøyene kom på banen etter pause, her vart nok tida brukt til klare ordrar frå trenar Tobben. Og det gav resultat. Forsvarssjefane Lars Petter og Tommy snørte igjen sekken, og bortsett frå eit frispark i tverrliggaren på stillinga 5-3 fekk ikkje Ellingsøy ein målsjanse. Stian, Sigurd og Mads Even jobba steinhardt og fekk kontrollen på midtbanen, og sjansane kom. Harald reduserte på ei fin heading, og Eirik hadde ein susar i tverrlliggaren før han utlikna.
No var Ravn skikkelg i støtet, og gjesteforsvaret greidde ikkje å stå mot presset lenger. Hardhausen Harald gjorde 4-3 med ei kontrollert avslutning, før Eirik fullførte sitt hattrick med å heade elegant over keeper til 5-3. I sluttminutta kunne det blitt fleire mål, både Sigurd og Even var fint frampå.

Ein imponerande laginnsat og snuoperasjon av gutane – og sannsynlegvis blir det seriefinale mot Skodje på heimebane om 14 dagar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv