Daglig arkiv: 15 september 2010

Oppmuntrande for A-laget, 3-2 mot Hessa

15 september 2010
Skrevet av:

Ravn – Hessa 3-2 (2-1)
Mål Ravn: Øyvind Farstad (2) og Eivind Grøtt Ulla.
Ravn-børsen: 3: Andrè Fjørtoft, 2: Øyvind Farstad, 1: Eivind G Ulla.
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg

Ravn fekk ei fin oppmuntring etter ein tung periode då godt plasserte Hessa vart slått 3-2 på Eidet onsdag. Displinert spel, svært god laginnsats og tre flotte mål låg bak den litt overraskande seieren.
Men Hessa åpna best; då Ravn leika seg for mykje etter løysing snappa dei ballen og scora etter 42 sekund. Like etter var det nær 0-2 etter corner og heading i stolpen. Utlikninga kom like etter på eit mønsterangrep der stoppar Øyvind var framme og sette ballen i mål.
Hessa var det førande laget utover i omgangen, men Ravn fekk sine sjanser på kontringar. 2-1 kom etter ei nydeleg dragning og ei kanonkule i i vinkelen av Eivind, som viste glimt av gamle takter. Og Ravn var nære 3-1 etter at Eirik Tomren (16) avslutta ei rask kontring med skot der keeperen gjorde ei god dobbelredning.

Ravn hadde overtaket i 2.omgang, og det vart ein kalddusj då 2-2 kom kvarteret før slutt. Ein gjennomfrossen Holger gav retur på eit frispark og den gjekk i mål. Men Ravn køyrde på vidare, og Tony Ellingsen var mannen bak seiersmålet. Ravn fekk frispark frå ca. 30 meter, Tony sende eit knallhardt skot inn i feltet, og der var Øyvind visstnok sist på ballen til 3-2.

Utanom unge Tomren var 5 Ravnjuniorar på banen: Holger og Thomas er veteranar i A-lagssamanheng, Jørgen og Michal – som avslutta flott på høgrebacken – har fått 2-3 kampar i haust, og i denne kampen var det klart for ein ny debutant; John Ivar Eide (17) kom inn og jobba hardt på topp siste halvtimen.
Ein samla god laginnsats, og utanom poengplukkarane utmerka Thomas og Tony seg med sterk jobbing.

Rica Parkett Cup 2010 – J 13. Kampoppsettet er klart.

15 september 2010
Skrevet av:

RPCj13
IL Ravn er arrangør av Rica Parkett Cup 2010 for Jenter 13. Dette skjer i Eidet Kulturhall laurdag 30. oktober.
Turneringa arrangerast i år som i fjor etter futsal-reglane, med futsal-ball. Laga bør gjere seg kjent med både
reglar og ball på førehand. 12 lag skal delta.
Her er laga som skal kjempe om KM:

Brattvåg IL, Hessa, Ravn, Langevåg, Larsnes IL, MSIL, Herd, Sykkylven, Volda 1, Volda 2, Ørskog 1, Ørskog 2.

Desse er delt inn i 3 puljer (4-4-4). Dei 2 beste laga i kvar pulje går til kvartfinalar. I tillegg går dei 2 beste 3. plasserte laga til kvartfinale.

Det skal i alt spelast 26 kampar. Dette vil skje laurdag 30. oktober. Fra kl. 10.00. Ferdig ca kl 21.00.

På denne linken kan du sjå kampoppsett (og resultater etter kvart som kampane blir spela): Cupassist

Kampoppsett ligg her (pdf): Kampoppsett med puljer J13 2010

Reglement ligg her (pdf): Futsal KM infohefte og spilleregler2010

Spelarliste for utfylling ligg her (pdf): Spelarliste

Spelarliste for utfylling ligg her (word): Spelarliste

Solid innsats av Ravn sine to G11-lag, og av J13.

15 september 2010
Skrevet av:

Begge Ravn sine G11-lag var i aksjon på heimebane tirsdag kveld. Ravn Kvit spelte mot Brattvåg og parallelt spelte Ravn Raud mot Godøy.
Begge våre lag viste periodevis fint spel og dei skapte mange målsjansar. Hyggeleg nok ga mange av desse tellande resultat.
Motstandarane hang kun i perioder med i spel og målprotokollane, slik at det var godt fornøgde Ravngutar som forlot Ravn stadion ikveld.

J13 var på tur til Grandiosaens heimstad, og kunne returnere derifrå med ein solid 5-0 siger over Stranda 2.

Flaskepantaksjon 16. oktober

15 september 2010
Skrevet av:

Flasker
Det er snart klart for ny flaskepantaksjon. Laurdag 16. oktober om føremiddagen kjem
representanter frå IL Ravn rundt på dørene og spør etter tomflasker.

Vil du sleppe at vi bankar på døra kan du sette ut flaskene i posar ved innkjørsla di.
Då sparer innsamlarane våre også kjærkomen tid.

Støtt IL Ravns arbeid ved å donere dine tomflasker!

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv