Daglig arkiv: 13 september 2010

Knepen G16 seier mot Hano

13 september 2010
Skrevet av:

I ein ikkje alt for velspelt kamp vann Ravn 2-1 mot Hano borte på fredag. Den siste scoringa kom få minutt før slutt og resulterte i ein fortent Ravnseier, men jammen satt den langt inne.

Ravn åpna best, anført av Stian Stokke og ein frisk Brede Solheim på høgre backplass. Laget skapte fleire halvsjansar, men utan uttelling. Hano tok gradvis over i siste del av omgangen og scora på ein fin utført lobb. Andre omgang starta som den første med Ravn som det førande laget. Laget skapte fleire målsjansar og fekk endeleg uttelling. Mads Even Hatlehol gjorde ein sterk jobb og vann ballen i midtbaneleddet, dro av ein motspelar før han slo ein fin stikkball gjennom Hano’s forsvarsrekke. Dette satte Eirik Tomren rettvendt mot mål og med klinisk presisjon utlikna han. Ravn forsatte presset, og tre minutt før slutt redda Hano sin gode keeper eit skudd frå Harald Fagervoll, men nok ein gong var Eirik Tomren i det iskalde hjørnet så han satte inn returen til stor jubel for Ravnspelarane. Alt i alt fortent i og med at laget skapte 8 målsjansar mot Hano sine 3. Ein ferierande trenar Torbjørn Hove tok imot meldinga med glede, og vi tippar at fredagskvelden i Cannes ikkje var verre av den grunn.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv