Daglig arkiv: 06 september 2010

God kamp av J14 – 5-5 mot Herd.

06 september 2010
Skrevet av:

IMG_0260
Etter ein noko tung haustsesongstart i 1.div vart 5-5 borte mot det sterke Herdlaget mest som ein siger å rekne for jentene.
Etter leiing 5-3 10. min før slutt hadde vi håp om at det skulle halde heilt inn. Men med eit stangskot av Andrea I. 30 sek. før slutt ebba kampen ut med poengdeling. Rettvist nok, om ein er nøytral, men det slepp vi å vere. Oda S. Tenfjord,frå J13, hadde og ein susar i tverliggaren, men det ville seg ikkje.

Målskorarar: Pauline Neergård, Ingrid Åsemyr, Andrea Indstø, Sunniva Østigard og Christina Sætre.
Laget ellers: Anamda Tenfjord, Andrea Noem, Oda Sperre Tenfjord og Johanna Solvang.

Strålande innsats av alle jentene våre.
Ei ekstra stjerne til Amanda Tenfjord som rett før kampstart steppa inn som målvakt då keeperen vår måtte «kaste inn handskane» p.g.a. skade. Amanda stod ein kanonkamp.

Trenaren til J14 har, som vanleg, vore litt lausmunna, og må no svi for det. Han har utlova 100,- til det første målet med hovudet. Det kom i denne kampen då Christina heada inn ein corner. Kjempeflott.(Om enn dyrt).

Uavgjort for juniorlaget.

06 september 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane taper «aldri» for Emblem: på fem seriekampar i fjor og i år har det blitt 3 vunne og to uavgjorte. På heimebane mandag vart det 2-2 i ein sjanserik kamp der våre gutar kunne avgjort på fleire store sjanser i 2.omgang.

Ravn gjekk hardt ut og hadde eit stolpetreff i åpningsminutta. Emblem kom sterkare og tok leiinga, men Ravn svarte med to mål av John Ivar Eide, det siste etter ein av Eirik Tomrens presise dødballar. Desverre for oss utlikna Emblem før pause.

Merkeleg nok vart det mållaust i 2. omgang. Emblem hadde farlege sjansar etter dødballar, medan Ravnspissane John og Harald hadde store sjansar til å avgjere kampen.
Kampen var spennande til siste slutt, og poenget var ei fin oppmuntring etter ein tung periode. Med slik innsats kan det bli fleire poeng dei siste fire kampane, sjøl om kamprogrammet er hardt for mange av spelarane. Godt kjempa alle 14!

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv