Månedlig arkiv: september 2010

Slitesiger til A-laget over HaNo (oppdatert).

29 september 2010
Skrevet av:

Ravn – HaNo 2-0 (0-0)
Mål. Kim Krogsæter og Thomas Aarseth
Ravnbørsen: 3p: Kim, 2: Eivind G Ulla, 1: Thomas

To seine mål av Kim og Thomas gav Ravn 2-0 over HaNo i ein skikkeleg slitekamp som var spennande til siste slutt.
HaNo var best i første omgang. Dei slo langt opp, det førte til at heimelaget kom litt på hæla og hadde problem med å falle av. Trykket frå gjestane resulterte i fleire bra sjansar etter corner og frispark. Ravn hadde ikkje dei store sjansane, men iherdig jobbing og svake HaNoavslutningar gjorde at det var mållaust til pause. I tillegg hadde Holger fleire gode redningar på strek.

I 2. omgang greidde Ravn å løfte laget høgare på banen. Kim jobba sterkt på topp, og ein opplagt Thomas skapte mykje plunder for HaNo på høgrekanten. Etter halvtimen vart Kim spelt gjennom, runda keeper og gjorde 1-0. HaNo hadde ein kjempesjanse, men frå kort hald gjekk skotet rett på Holger. Fem minutt før slutt drog Thomas seg fint innover og avslutta med skot som via ein HaNospelar gjekk i mål. Eit hardtjobbande heimeforsvar hekdt unna mot slutten og heldt dermed nullen for første gang i haust. Etter denne sigeren blir det 6.plass på Ravn. Ein kamp står att, borte mot Giske førstk. søndag.
HaNo endar på 7. plass. Ravn greidde med andre ord å halde HaNo bak seg på tabellen med dette resultatet.

Vi er då det 3. beste seniorlaget på herresida i kommunen. I følgje norborg.com har Ravn ikkje vore i denne posisjonen sidan 1982. Med andre ord 28 år sidan.
Då er det berre å starte med jakta på 2. plassen…forhåpentlegvis er vi der før 28 nye år har gått! Eventuelle kommunesamanslåingar kan naturlegvis stikke kjepper
i hjula for dette…

Lokaloppgjer i kveld. 5. div Ravn-HaNo kl 18.30

29 september 2010
Skrevet av:

Onsdag er det klart for lokaloppgjer i 5. divisjon på Ravn Stadion,
når Ravn møter HaNo kl 18.30.
Desse to laga er no nr 6 og 7 i 5. divisjon og kjemper dermed ein
kamp om kven som er det 3. beste seniorlaget i Haram for tida.

Ravn sin spelarstall blei kraftig slanka i haust pga skulegang, militæret,
samt ein del skader. Resultata har vore varierande, men laget fekk seg
i alle fall ein opptur sist heimekamp då dei slo Hessa. Vi håper på ein ny
heimesiger, men vi held dette oppgjeret for å vere heilt ope.

Botnnivået nådd av juniorane.

28 september 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane leverte ein hinsides svak innsats og vart utklassa 0-8 av eit sprudlande Ørs/Sk lag på Skodjes nye kgb mandag.
Etter 0-2 før 5 minutt fall Ravn heilt saman. Even vart utvist med to unødvendige gule, og 0-5 ved pause.
Litt mindre elendig etter pause, men totalt sett heilsvart.

Alaget tapte.

25 september 2010
Skrevet av:

Alaget var på Harøya laurdag. Der tapte dei dessverre 4-2.
Meir om denne saka kjem sannsynlegvis ikkje.

G13 tapte hjemme mot Herd

24 september 2010
Skrevet av:

G13 møtte onsdag Herd hjemme på Ravn Stadion (G13, 11er, 1. div). Dette ble en kamp som bølget i begge retninger i
både første og andre omgang uten at noen av lagene klarte å få det store overtaket. Det eneste målet som kom i
denne kampen var det bortelaget som stod for allerede etter 12. minutter av første omgang. Etter en corner og mange
spillere inne i feltet fikk en Herdspiller tåa på ballen, fant en åpning og satte ballen i mål. Utover i kampen hadde begge
lag muligheter til å score, men sluttresultatet ble 0-1.

Ravnspillere: Aleksander, Matias, Vegard, Oliver, Tomas, Fredrik, Jørgen, Joakim, Markus, Nikolas, Adrian, Ole, Lars Daniel.

Ikkje den heilt store uka.

24 september 2010
Skrevet av:

Ikkje dei heilt store resultata denne uka for våre unge menn.

Mandag: G19 7ar 2. div. Ravn-Norborg 6-7.
Onsdag: G13 11ar 1. div. Ravn-Herd 0-1.
Torsdag: G16 11ar 2. div. Brattvåg-Ravn 2-1.

J13 har vunne 6 av 6 kampar til no i haust.

22 september 2010
Skrevet av:

Då har Ravn J13 gjort unna to kamper på to dager og 6 poeng er sanket inn;-)
Mandag vant de 4-3 mot Ørskog i en tett og jevn kamp, Ingeborg, Oda, Malin og Katarina scora.
Desse spilte mandag: Kristin, Ingrid, Eva Kristin, Birgitte, Sarvini, Malene, May Helen, Oda, Malin, Ingeborg og Katarina

Tirsdag vant de 7-0 over Stranda i god kamp der alle tok ansvar og jobbet kjempe bra. Målscorere Ingeborg 1 mål Katarina 2 mål og en ekstra + i boka til Birgitte som scora 4 mål i dag;-)
Desse spilte tirsdag: May Helen, Malene, Sarvini, Malin, Ingrid, Eva Kristin, Ingeborg, Katarina og Birgitte

Takk til J12 og Ingrid for god hjelp.

Gutelaget snudde kampen, 5-3 over Ellingsøy

17 september 2010
Skrevet av:

Gutelaget veksla mellom det ordinære i 1.omgang og låg under 1-3 ved pause, men samla seg til ein kollektiv laginnsats som gav fire flotte mål i 2 omgang, utan at Ellingsøy makta å redusere. Dermed vart det 5-3, den 3. strake seieren og framleis tabelltet for G16 på Eidet fredag.

Ravngutane åpna bra, men Ellingsøy gjekk i teten på straffespark, som Martin nesten fekk avverga. Ravnspissane fekk hard motstand av eit godt gjesteforsvar, men då Eirik fekk eit framspel midt i omgangen var han sikker og avslutta nede i hjørnet.
Så kom Ellingsøy sterkt mot slutten og fekk to mål, og då var forsvaret vårt ikkje heilt på hogget. Stian hadde nær redusert like før pause, men frå 25 meter small skotet i tverrliggaren.

Det varte lenge før dei stolte kvittrøyene kom på banen etter pause, her vart nok tida brukt til klare ordrar frå trenar Tobben. Og det gav resultat. Forsvarssjefane Lars Petter og Tommy snørte igjen sekken, og bortsett frå eit frispark i tverrliggaren på stillinga 5-3 fekk ikkje Ellingsøy ein målsjanse. Stian, Sigurd og Mads Even jobba steinhardt og fekk kontrollen på midtbanen, og sjansane kom. Harald reduserte på ei fin heading, og Eirik hadde ein susar i tverrlliggaren før han utlikna.
No var Ravn skikkelg i støtet, og gjesteforsvaret greidde ikkje å stå mot presset lenger. Hardhausen Harald gjorde 4-3 med ei kontrollert avslutning, før Eirik fullførte sitt hattrick med å heade elegant over keeper til 5-3. I sluttminutta kunne det blitt fleire mål, både Sigurd og Even var fint frampå.

Ein imponerande laginnsat og snuoperasjon av gutane – og sannsynlegvis blir det seriefinale mot Skodje på heimebane om 14 dagar.

Oppmuntrande for A-laget, 3-2 mot Hessa

15 september 2010
Skrevet av:

Ravn – Hessa 3-2 (2-1)
Mål Ravn: Øyvind Farstad (2) og Eivind Grøtt Ulla.
Ravn-børsen: 3: Andrè Fjørtoft, 2: Øyvind Farstad, 1: Eivind G Ulla.
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg

Ravn fekk ei fin oppmuntring etter ein tung periode då godt plasserte Hessa vart slått 3-2 på Eidet onsdag. Displinert spel, svært god laginnsats og tre flotte mål låg bak den litt overraskande seieren.
Men Hessa åpna best; då Ravn leika seg for mykje etter løysing snappa dei ballen og scora etter 42 sekund. Like etter var det nær 0-2 etter corner og heading i stolpen. Utlikninga kom like etter på eit mønsterangrep der stoppar Øyvind var framme og sette ballen i mål.
Hessa var det førande laget utover i omgangen, men Ravn fekk sine sjanser på kontringar. 2-1 kom etter ei nydeleg dragning og ei kanonkule i i vinkelen av Eivind, som viste glimt av gamle takter. Og Ravn var nære 3-1 etter at Eirik Tomren (16) avslutta ei rask kontring med skot der keeperen gjorde ei god dobbelredning.

Ravn hadde overtaket i 2.omgang, og det vart ein kalddusj då 2-2 kom kvarteret før slutt. Ein gjennomfrossen Holger gav retur på eit frispark og den gjekk i mål. Men Ravn køyrde på vidare, og Tony Ellingsen var mannen bak seiersmålet. Ravn fekk frispark frå ca. 30 meter, Tony sende eit knallhardt skot inn i feltet, og der var Øyvind visstnok sist på ballen til 3-2.

Utanom unge Tomren var 5 Ravnjuniorar på banen: Holger og Thomas er veteranar i A-lagssamanheng, Jørgen og Michal – som avslutta flott på høgrebacken – har fått 2-3 kampar i haust, og i denne kampen var det klart for ein ny debutant; John Ivar Eide (17) kom inn og jobba hardt på topp siste halvtimen.
Ein samla god laginnsats, og utanom poengplukkarane utmerka Thomas og Tony seg med sterk jobbing.

Rica Parkett Cup 2010 – J 13. Kampoppsettet er klart.

15 september 2010
Skrevet av:

RPCj13
IL Ravn er arrangør av Rica Parkett Cup 2010 for Jenter 13. Dette skjer i Eidet Kulturhall laurdag 30. oktober.
Turneringa arrangerast i år som i fjor etter futsal-reglane, med futsal-ball. Laga bør gjere seg kjent med både
reglar og ball på førehand. 12 lag skal delta.
Her er laga som skal kjempe om KM:

Brattvåg IL, Hessa, Ravn, Langevåg, Larsnes IL, MSIL, Herd, Sykkylven, Volda 1, Volda 2, Ørskog 1, Ørskog 2.

Desse er delt inn i 3 puljer (4-4-4). Dei 2 beste laga i kvar pulje går til kvartfinalar. I tillegg går dei 2 beste 3. plasserte laga til kvartfinale.

Det skal i alt spelast 26 kampar. Dette vil skje laurdag 30. oktober. Fra kl. 10.00. Ferdig ca kl 21.00.

På denne linken kan du sjå kampoppsett (og resultater etter kvart som kampane blir spela): Cupassist

Kampoppsett ligg her (pdf): Kampoppsett med puljer J13 2010

Reglement ligg her (pdf): Futsal KM infohefte og spilleregler2010

Spelarliste for utfylling ligg her (pdf): Spelarliste

Spelarliste for utfylling ligg her (word): Spelarliste

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv