Juniortap 2-3 mot Ørskog/Skodje

10 august 2010
Skrevet av:

Gjestane hadde lada opp med Norway Cup, medan over halve Ravnlaget hadde vore på Raumarock. Det bar særleg 1.omgang preg av, då var det noko daft og tafatt over mykje av det Ravn foretok seg. Likevel vart det skapt ein god del sjansar, særleg på dødballar. Fortent nok leia gjestane 2-0 ved pause.

2. omgang vart betre frå Ravn si side, sjøl om Ø/S auka til 3-0 tidleg. Kenneth Helle gjorde eit frisk innhopp ved pause, og reduserte til 1-3. No var Ravn i støtet, og skapte mange sjansar. Men det vart med John Ivars 2-3 scoring; elles var avslutningane for svake eller vart redda av den gode Ø/S-målmannen.

Siste halvtimen var behaldninga for Ravn denne kampen, då viste gutane bra takter som lovar godt for hausten. Stian V. Stokke (16), som ikkje hadde vore på Raumarock, var den som kom nærmast opp mot maxnivå, han har hatt ein knallsesong i år og blir ein mann å rekne med for framtida.

Kampen var pen og pynteleg med knappast ei einaste takling over kanten, men vart unødig oppstykka av dommar Arild Steinsbu som bles ei uhorveleg mengd med frispark. Kroppskontakt er vel lov i juniorfotball og?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv