Flott helg med fotball

23 august 2010
Skrevet av:
Mr. Hødd, Andre Nevstad, forklarar korleis dei skal skape og utnytte rom i fotball.

Mr. Hødd, Andre Nevstad, forklarar korleis dei skal skape og utnytte rom i fotball.

Av AOT.

Ei flott helg med fotball er over på Ravn Stadion. 180 fotballspelarar i alderen sju til 15 år frå Ravn og naboklubbane har vore i aksjon på Tine Fotballskule.
-Det mest utrulege er vel at veret har halde seg, seier fotballeiar Unni Krogsæter. Ho rettar ein stor takk til alle flotte fotballspelarane som var med å gjere helga til ei stor oppleving.
For trass i mange trugande skyer i helga, var det minimalt med regn og vind som la kjelkar i vegen for arrangementet, som etter kvart er blitt til tradisjon den første helga etter at skulen startar. Små og store held på med stor iver og intensitet frå første til siste spark.
Populære
Fortunaspelarane Fride Mørkeset og Charlotte Husø var begge i aksjon som populære instruktørar for dei største jentene laurdag.
-I dag trenar vi teknikk. Det er viktig at også jentene blir flinke med ball, sa Charlotte Husø i ei drikkepause.
Elles var ikkje det å bli god i fotball nokon heksekunst.
-Det er viktig å prøve å gjere sitt beste heile tida, seier ho.
Endeleg siger
I år har Forutna vunne alle sine seks bortekampar, men har tapt tre og spelt tre uavgjort heime. Vi spurte dei kvifor dei ikkje klarte å vinne på heimebane og fekk eit greitt svar.
-Det skulle vi også ha likt og visst!
Men dagen etter var jentene i elden i kamp. Og endeleg rodde FK Fortuna i land sin første heimesiger på Color Line Stadion, etter1-0 mot Alta.
-IL Ravn gratulerer, heiter det på laget sine heimesider.
Frivillige
IL Ravn har ein stor stab med frivillige frå eigen klubb som har stått på i lang tid og stod på i helga for å få til dette arrangementet. Basen er Il Ravn si nye kunstgrasbane og Eidet kulturhall. Ikkje fritt for at mange minnest tidlegare dagar med regn og vind på gras og grus.
Trenarar, lagleiarar, fotballstyre og foreldre har alle gjort sitt for at to og ein halv dag med fotballskule gjekk smertefritt. IL Ravn tenkjer allereie no framover. I år var det 6. gong Tine Fotballskule blei arrangert. Neste år vil Ravn ønskje velkomne til den 7. Inntektene frå skulen, kafeen og lotteriet kjem godt med for laget, som har stor aktivitet mange lag i aksjon.
Endringar
Sportsleg leiar Jan Petter Hagen i IL Ravn seier til Haramsnytt at Fotballskulen i år er basert på same lest som før, men med to store endringar.
– Det første er at vi har henta inn eksterne instruktørar for dei største jentene og gutane. Knut Hallvard Eikrem (Molde FK og Aker Akademiet), Andrè Nevstad og Einar Magne Skeide (Hødd). Vidare er det spelarane Fride Mørkeset og Charlotte Husø (Fortuna). Den andre store endringa er at vi før lunsj laurdag hadde kurs i ernæring, kosthald og skadeførebygging for dei over 10 år.
Begge tiltaka såg ut til å bli tekne i mot med opne armar. Ikkje minst instruktørane utanfrå var populære innslag og intensiteten blei høgare enn normalt.
Jan Petter Hagen seier ei gruppe på 180 spelarar er passande for å drive effektiv fotballtrening og ferdighetsutvikling med dei midlane laget rår over.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv