Du må ha det kjekt.

26 august 2010
Skrevet av:

Knut Halvard Eikrem, MFK og Aker Akademiet og fotballeiar Unni Krogster i IL Ravn

Det går ikkje an å bli ein god fotballspelar utan at du har det kjekt med det du driv med. Så må du drive mykje eigentrening.

Det var ein enkelog tydeleg bodskap Knut Halvard Eikrem i Molde FK og AkerAkademiet kom med under TINE Fotballskule på Ravn kunstgrasbane nyleg. Organisert trening, mykje eigentrening og alltid ha det gøy og lystbetont. Det må til om ein skal nå langt. Andre viktige aspekt er å tole å trene mykje, hospitere i eigen klubb (spele på andre lag), drive med andre aktivitetar eller idrettar og trene fotball heile året. Skulen må heller ikkje gå for lut og kaldt vatn.
-Eg er ein del ute på reise. I land vi besøker stiller gode fotballag krav om at skulen er gjort. Ikkje at alle skal bli flinke, der er vi forskjellige, men vi skal ta skulen på alvor og gjere ein innsats.
Eikrem oppmoda til gode haldningar overfor motspelarar, medspelarar, dommarar, trenarar, vener, på skulen og i trening.
-Sei til dømesfrå til nokon andre på laget dit at ”ditta var bra!” eller at ”ditta var ei kjempefin pasning!”.
Ein blir ikkje betre av å kritisere andre. Eigen dugleik blir heller ikkje redusert ved å skryte av andre.
Eigentrening
Den tidlegare Molde-stjerna spelte for Molde FK i nesten 10 år frå 1983. Han kom året etter at Lars Sindre Tenfjord (ex IL Ravn) slutta der, men spelte nokre år saman med Rune Ulvestad (ex Brattvåg IL) og Per Arne Aase (ex IL Ravn). Lars Tenfjord var innpå då MFK slo Viking i semiefinalen i 1982 og vart klar for Ullevål. Han fekk ikkje speletid mot Brann i finalen, som MFK tapte 2-3. Per Arne Aase og Rune Ulvestad spelte finalen.
No er Eikrem engasjert i AkerAkademiet, som er eit samarbeid mellom Molde Fotballklubb og Nordmøre & Romsdal Fotballkrets for å utvikle fleire lokale og betre spelarar i breidde og på toppnivå.
– Så har eg sjølv ein gut som spelar fotball i England. Han heiter Magnus (Magnus Wolff Eikrem, Man U). Han er eit produkt av å trene mykje sjølv. Gjerne to til fem timar dagleg, sa Knut Halvar Eikrem, som slår eit slag for god gamaldags løkkefotball.
Ikkje gi opp
Han fortalte at Magnus og Tina Wulff som no spelar i toppserieklubben Trondheims/Ørn kunne måke seg ei lita bane på 2 gangar 2 meter på kunstgrasbanen om vinteren. Der kunne dei stå i to timar og slå pasningar.
– Det var fordi dei hadde lyst til å halde på.
På Tine Fotballskule hadde han dei største gutane (12-15 år) ei speleykt ute før han oppsummerte med nokre enkle setningar i Bygdestova.
Han spurte om nokon trudde det til dømes kunne kome ein ny Gerrard frå vårt området. Svaret var unisont ja. Aller høgast frå Liverpool-tilhengarar.
-Eg trur det går an. Heilt sikkert. Hugs på at Ole Gunnar Solskjær ikkje blei god før han var 18-19 år. Men han ga aldri opp.

Knut Halvard Eikrem, spelarar og trenarar under TINE 2010

Knut Halvard Eikrem, spelarar og trenarar under TINE 2010

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv