A-laget spurta til 6-3 mot Aksla

12 august 2010
Skrevet av:

Ravn-Aksla 6-3 (1-1)
Mål Ravn: Even Vatneødegård, Eivind Grøtt Ulla (str), Stein Erik Alvestad, Jørn Killingmo, Knut Egil Lied, Dag R Midsund.
Ravnbørsen: 3p: Erik V. Stokke,2 p: Stein Alvestad, 1: Øyvind Farstad

Ravn åpna haustsesongen med 6-3 mot Aksla heime onsdag, etter ein sterk sluttspurt og maksimal utnytting av at Akslakeeperen vart utvist i 2.omgang. Erstattaren som vart kasta utpå var truleg ikkje av dei mest rutinerte målmennene og måtte hente 5 ballar ut av nota siste 20 minutta.

1.omgang bar mykje preg av feriefotball, med moderat tempo og uvanleg mange feilpasningar frå Ravn. Angrepsmessig var det tynne saker, ofte når spiss Knut Egil møtte vart det slått i bakrom osv. Beste taktene viste Thomas på høgresida, men utan at det vart teljande resultat av innlegga hans.
Aksla scora først, og der var markeringa på corneren altfor dårleg. Men Even kriga inn utlikninga like etter.

Ravn tok kommandoen etter pause, men mot spelets gang scora Aksla. Så kom utvisninga av Akslakeeperen som reiv Knut overende, med straffemål til 2-2 av Eivind. Og like etter burde Ravn hatt ny straffe, men i staden kontra Aksla, og den einslege spissen lobba inn 2-3 mot eit forsvar som ikkje fall av.

Men då var det også slutt på Aksla, som hadde eit teknisk godt og svært ungt lag, men som ikkje greidde å stå imot overtalet. Feriespelar Stein Alvestad, som hadde ein flott 2.omgang, utlikna på eit susande frispark, og så følgde tre mål til på rappen, der superinnbyttar Anders Berg var sterkt delaktig i det siste.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv