Daglig arkiv: 20 august 2010

Nyttig Tine-info.

20 august 2010
Skrevet av:

I dag (fredag 20. august) er det klart for Tine Fotballskule på Ravn Stadion. 180 spelarar har meldt seg på.
Dersom nokon er i tvil om dei er påmeldt er det berre å møte opp så ordner vi det.

Programmet er:

Fredag kl 16.30-17.30. Registrering av deltakere i kulturhallen. Alle skal då betale 400 kr. Då får ein utdelt Tine-effektane. Ein får og vite kva post ein skal møte på ute på bana.
Fredag kl 17.30-20.00. Fotballskule. Første del av økta vert det div. øvingar. Andre del av økta vert det spel. G12-G15 vil på denne økta bli leia av Knut Hallvar Eikrem (Aker-akademiet) og ha eige opplegg.

Laurdag kl 10.00-12.00. Fotballskule for dei frå 7-9 år. Øvingar og spel.
Laurdag kl 10.00-11.00. Kurs i kosthold for dei frå 10-11 år (og trenarar).
Laurdag kl 10.00-11.00. Kurs i skadeforebygging for dei frå 12-15 år (og trenarar).
Laurdag kl 11.00-12.00. Kurs i skadeforebygging for dei frå 10-11 år (og trenarar).
Laurdag kl 11.00-12.00. Kurs i kosthold for dei frå 12-15 år (og trenarar).

NB! Foreldre og andre interesserte som vil vere med på kursa i kosthold og skadeforebygging er velkomne til det.

Laurdag kl 12.00-13.00. Tine lunsj. (Dei minste startar på lunsjen eit kvarter før dei andre ca kl 11.45).

Laurdag kl 13.00-15.30. Fotballskule. J11-J14 vil her ha eige opplegg med Fride Mørkeset og Charlotte Husø frå Fortuna. G12-15 vil ha eige opplegg med Andre Nevstad frå Hødd.

Søndag kl 10.00-12.00. Fotballskule.
Søndag kl 12.00-13.00. Tine lunsj.
Søndag kl 13.00-15.30. Fotballskule.

Det vert det kiosk/kafe under heile fotballskulen i kulturhallen. Det vert og grilling fra lunsj-tider både laurdag og søndag.
Vi anbefalar foreldre å ta seg ein tur og kose seg litt. Vi er konsekvente på at vi skal ha lave priser i vår kiosk/kafe.

Ellers er fotballotteriet vårt verdt å nevne, med blant anna effekter frå Molde og Aafk blandt premiane.

Vel møtt til ei triveleg helg på Ravn Stadion.

Supertirsdag.

20 august 2010
Skrevet av:

Det blir full fart på stadion framover. Tine Fotballskule i helga.
Mandag møter G14 Aksla.
Tirsdag møter Alaget Stranda2. J7 arrangerer miniturnering og J11 møter Ørskog i ein kamp som da må gå på grusbana.
Onsdag møter G13 Langevågen til 1. divisjonsoppgjer.
Torsdag møter G16 Rollon1. G9 arrangerer miniturnering.
Laurdag arrangerer J8 miniturnering.
Søndag arrangerer G12 turnering for G12 med inviterte lag.

Så det bør bli mykje folk på stadion denne veka. Åpen kiosk. Ta turen innom.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv