Daglig arkiv: 10 august 2010

Trenerkrefter av høg kvalitet til Tine.

10 august 2010
Skrevet av:

I utgangspunktet vil fotballskulen følgje same struktur som tidlegare. Ifjor innførte vi fleire nye øvingar, spesielt for dei eldste klassene, og dette vil vi også gjere iår.

Det som verkeleg er gledeleg er at vi i år får med eksterne trenarkrefter av høg kvalitet.

– Fredagskvelden vil Knut Halvard Eikrem, trenar- og spelarutvikler ved Aker Akademiet i Molde lede økta for G12-G14
– Laurdagettermiddag vil Fride Mørkeset og Charlotte Husø frå A-laget til Fortuna lede økta for J11-J14
– Laurdagsettermiddagen vil Andre Nevstad frå Hødd lede G12-G14 økta, samt snakke litt om eigenutvikling

Klubbens trenarar vil sjølsagt hjelpe dei eksterne. Knut Halvard og Andre blir også brukt på Talentsamlinga i regi av SFK neste helg. Vi er derfor godt fornøgde med at dei stiller hos oss. Vi har også gode anbefalinger på Fride og Charlotte.

Det er viktig at trenarane motiverer spelararne på å melde seg på. Dette gjeld spesielt 12 – 14 av begge kjønn, der vi no har sikra oss eksterne trenarar som er av det beste vi har i regionen. I desse klassene er det enno lite påmelding, men vi veit av erfaring at dei gjerne går i flokk. Påmeldingsfristen er mandag 16. august.

Juniortap 2-3 mot Ørskog/Skodje

10 august 2010
Skrevet av:

Gjestane hadde lada opp med Norway Cup, medan over halve Ravnlaget hadde vore på Raumarock. Det bar særleg 1.omgang preg av, då var det noko daft og tafatt over mykje av det Ravn foretok seg. Likevel vart det skapt ein god del sjansar, særleg på dødballar. Fortent nok leia gjestane 2-0 ved pause.

2. omgang vart betre frå Ravn si side, sjøl om Ø/S auka til 3-0 tidleg. Kenneth Helle gjorde eit frisk innhopp ved pause, og reduserte til 1-3. No var Ravn i støtet, og skapte mange sjansar. Men det vart med John Ivars 2-3 scoring; elles var avslutningane for svake eller vart redda av den gode Ø/S-målmannen.

Siste halvtimen var behaldninga for Ravn denne kampen, då viste gutane bra takter som lovar godt for hausten. Stian V. Stokke (16), som ikkje hadde vore på Raumarock, var den som kom nærmast opp mot maxnivå, han har hatt ein knallsesong i år og blir ein mann å rekne med for framtida.

Kampen var pen og pynteleg med knappast ei einaste takling over kanten, men vart unødig oppstykka av dommar Arild Steinsbu som bles ei uhorveleg mengd med frispark. Kroppskontakt er vel lov i juniorfotball og?

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv