Månedlig arkiv: august 2010

Turnering for G12-lag på Ravn Stadion søndag 29. august.

31 august 2010
Skrevet av:

Laga som var med på turneringa

Laga som var med på turneringa


Nærmare eit hundre 12-åringar hadde ein kjempedag i fineveret på kunstgrasbana søndag.
Åtte lag frå heile Møre og Romsdal møttest då IL Ravn arrangerte ei uhøgtidleg fotballturnering med 16 kampar. Deltakande lag var Hødd, Volda, Herd, Ravn, Molde FK, Ekko/ Aureosen, Gossen og Dahle.
Her var det massevis av gode enkeltmannsprestasjonar og lagspel det berre er til å ta av seg hatten for. Stor takk tildels heilt nye bekjentskap. Ikkje minst våre langvesfarande gjestar frå Kristiansund, Dahle, og Romsdalslaga Gossen, Ekko/Aureosen og Molde FK, reiste langt for å delta, som Hødd og Volda. Her fekk dei fire intensive kampar på 35-40 min og det er sjeldan i andre samanhengar.
Våre gutar markerte seg svært godt i tevling med dei andre.
Marte, Eivind og Eirik dømde dei 16 kampane og gjorde ikkje skam på verken laget eller dommarstanden. Vel blåst! Takk til dei som ofra ein heil dag i kiosken og dei som var med å leggje til rette eller rydde på anna vis. aot.

Turnering for G12-lag på Ravn Stadion søndag 29. august.

28 august 2010
Skrevet av:

Åtte gode 12-årslag frå heile Møre og Romsdal møtest når IL Ravn arrangerer ei uhøgtidleg fotballturnering for 12-åringar søndag 29. august. Her blir det mykje idrettsglede, og flott og rask fotball å sjå!

Turneringa startar kl. 1200 og det skal spelast 16 kampar på to 7arbaner utover dagen til ca kl. 1800.
Deltakande lag er Hødd, Volda, Herd, Ravn, Molde FK, Ekko/ Aureosen, Gossen og Dahle.

Turneringa fokuserer ikkje på resultat, men på humør, speleglede, gode prestasjonar for spelarar og lag. 12-åringane er ei aldersgruppe som står med ein fot i kvar leir. Den eine i barnefotballen og den andre i ungdomsfotballen.

Målet er at laga skal spele fire kampar mot mest mogeleg jamnbyrdig motstand. Målet er vidare å bli kjent med lag og spelarar frå delar av fylket ein til vanleg ikkje møter. KOr langt er dei komne på Nordmøre og i Romsdalen?

Ravn tenkjer at ein lærer mest av dei som er komne lengst i fotballens edle kunst. Då veit ein både kor og korleis ein skal strekkje seg. I denne prosessen er det å ha det gøy ein dyd av nødvendighet.

Alle er hjartlege velkomne til å sjå på heile eller delar av arrangementet. Kiosken er open heile dagen.

IL Ravn, Gutar 12 år.
G 12 RAVNTURNERINGA 2010

G13 tapte hjemme mot Langevåg

27 august 2010
Skrevet av:

Ny kamp for G13 onsdag, denne gang hjemme mot Langevåg. Og gjestene tok tidlig et overtak og presset Ravnlaget bakover på banen. De første tjue minuttene hadde Ravn nok med å forsvare seg, og skapte lite fremover. Men når det nærmer seg halvtimen gjør Ravn et flott raid fremover, og en kjempepasning fra Markus mottas av Adrian som skyter utagbart for keeper og rett i mål. 1-0 til Ravn, litt i mot spillets gang. Og bare et par minutter etterpå er Markus på gjennomløp alene inn i feltet. Men den ellers så målfarlige unge spissen skyter denne gangen rett på keeper, og omgangen ender med en ettmålsledelse til Ravn.
Langevåg fortsetter i andre omgang med et visst press mot Ravnforsvaret. Men det er ikke før i det 23. minutt at de får lønn for strevet. En Ravnspiller handser inne i feltet og Langevåg får straffe som settes sikkert i mål og stillingen er 1-1. Og herfra og ut var det Langevåg som hadde de største sjansene, og det resulterte i tre nye baklengsmål for Ravn. Men Ravnguttene ga aldri opp og hadde et par halvsjanser på slutten som dessverre ikke ga uttelling. Sluttresultat 1-4. Ikke noe å si på seieren til gjestene, de var denne gangen et hakk bedre enn Ravn.
Ravnlaget bestod av følgende spillere: Aleksander, Tomas, Fredrik, Vegard, Oliver, Jørgen, Joakim, Adrian, Ole, Matias, Markus, Nikolas og Lars-Daniel.

Du må ha det kjekt.

26 august 2010
Skrevet av:

Knut Halvard Eikrem, MFK og Aker Akademiet og fotballeiar Unni Krogster i IL Ravn

Det går ikkje an å bli ein god fotballspelar utan at du har det kjekt med det du driv med. Så må du drive mykje eigentrening.

Det var ein enkelog tydeleg bodskap Knut Halvard Eikrem i Molde FK og AkerAkademiet kom med under TINE Fotballskule på Ravn kunstgrasbane nyleg. Organisert trening, mykje eigentrening og alltid ha det gøy og lystbetont. Det må til om ein skal nå langt. Andre viktige aspekt er å tole å trene mykje, hospitere i eigen klubb (spele på andre lag), drive med andre aktivitetar eller idrettar og trene fotball heile året. Skulen må heller ikkje gå for lut og kaldt vatn.
-Eg er ein del ute på reise. I land vi besøker stiller gode fotballag krav om at skulen er gjort. Ikkje at alle skal bli flinke, der er vi forskjellige, men vi skal ta skulen på alvor og gjere ein innsats.
Eikrem oppmoda til gode haldningar overfor motspelarar, medspelarar, dommarar, trenarar, vener, på skulen og i trening.
-Sei til dømesfrå til nokon andre på laget dit at ”ditta var bra!” eller at ”ditta var ei kjempefin pasning!”.
Ein blir ikkje betre av å kritisere andre. Eigen dugleik blir heller ikkje redusert ved å skryte av andre.
Eigentrening
Den tidlegare Molde-stjerna spelte for Molde FK i nesten 10 år frå 1983. Han kom året etter at Lars Sindre Tenfjord (ex IL Ravn) slutta der, men spelte nokre år saman med Rune Ulvestad (ex Brattvåg IL) og Per Arne Aase (ex IL Ravn). Lars Tenfjord var innpå då MFK slo Viking i semiefinalen i 1982 og vart klar for Ullevål. Han fekk ikkje speletid mot Brann i finalen, som MFK tapte 2-3. Per Arne Aase og Rune Ulvestad spelte finalen.
No er Eikrem engasjert i AkerAkademiet, som er eit samarbeid mellom Molde Fotballklubb og Nordmøre & Romsdal Fotballkrets for å utvikle fleire lokale og betre spelarar i breidde og på toppnivå.
– Så har eg sjølv ein gut som spelar fotball i England. Han heiter Magnus (Magnus Wolff Eikrem, Man U). Han er eit produkt av å trene mykje sjølv. Gjerne to til fem timar dagleg, sa Knut Halvar Eikrem, som slår eit slag for god gamaldags løkkefotball.
Ikkje gi opp
Han fortalte at Magnus og Tina Wulff som no spelar i toppserieklubben Trondheims/Ørn kunne måke seg ei lita bane på 2 gangar 2 meter på kunstgrasbanen om vinteren. Der kunne dei stå i to timar og slå pasningar.
– Det var fordi dei hadde lyst til å halde på.
På Tine Fotballskule hadde han dei største gutane (12-15 år) ei speleykt ute før han oppsummerte med nokre enkle setningar i Bygdestova.
Han spurte om nokon trudde det til dømes kunne kome ein ny Gerrard frå vårt området. Svaret var unisont ja. Aller høgast frå Liverpool-tilhengarar.
-Eg trur det går an. Heilt sikkert. Hugs på at Ole Gunnar Solskjær ikkje blei god før han var 18-19 år. Men han ga aldri opp.

Knut Halvard Eikrem, spelarar og trenarar under TINE 2010

Knut Halvard Eikrem, spelarar og trenarar under TINE 2010

Tap for alaget mot Stranda2.

25 august 2010
Skrevet av:

Dag-Ruben Misund og Even Vatneødegård

Dag-Ruben Misund og Even Vatneødegård


Ravn-Stranda 2 1-2 (0-2)
Mål Ravn: Even Vatneødegård
Dommar Odd Grande, Skodje
Ravnbørsen: 3p: Dag R. Midsund, 2: Thomas Aarseth, 1: Øyvind K. Krogsæter

Etter sterk åpning på haustsesongen gjekk Ravn på eit overraskande heimetap mot Stranda sine nestbeste. Gjestane, som kom med 12 mann, kjempa godt og spelte taktisk klokt, la seg bakpå og utnytta sjansane sine maksimalt.
0-1 kom midt i 1.omgang, etter at ein strandar snappa ei mislykka dribling i Ravnforsvaret og dunka ballen i vinkelen. Ei flott scoring og kampens beste prestasjon. Trass i mykje slurvefeil utover i omgangen hadde Ravn speleovertak, men skapte få sjansar. Nærast var Dag Ruben, men den gode Strandamålmannen slo til corner.

0-2 kom like før pause, etter at Ravnforsvaret altfor lett vart sett ut av spel netta Stranda for åpe mål.

2.omgang vart spel mot eitt mål, men altfor få sjansar vart skapt. Stranda låg lavt og nekta Ravn å spele i bakrom, og dei gongane innlegga kom frå høgresida var det altfor få ravningar i feltet. Først mot slutten kom sjansane, og Even reduserte på ei fin heading. Same mann brukte hovudet igjen, men via tverrliggar og over. Og ei hårfin offsideavblåsing hindra utlikning i sluttminuttet.

Ei skuffande forestilling av Ravn, der Dag Ruben Midsund var i særklasse best. Han spelte sin siste kamp på ei stund (til Hamar på skule) og hadde fortent ein meir minneverdig avskjedskamp.

-Eit ran, er Ravn-trenar Erlend Fjørtoft dom over at poenga skulle gå til pizzabygda Stranda. Han meiner at Ravn både skulle hatt straffe og at offsiden var feil, men det er historie.
-Eit skuffande tap. Føler at vi i 88 minutt spelar den klar beste fotballen. Men Stranda 2 skåra to mål og det er det som tel i fotballen, seier han. No reiser Dag Ruben Misund, Kim Krogsæter, Erik V. Stokke og Gunnar E. Tvedt vekk på skule.
– Det blir grise med folk framover, også på juniorlaget som må låne frå gutelaget, seier Erlend Fjørtoft.

Andre Ravnlag gjorde det derimot atskillig bedre i går. J13, J11 og J7 viste veg. J13 slo Valldalen 6-3. J11 og J7 leverte og gode kampar. Felles for desse laga var at dei hadde mange spelarar på Tine Fotballskule. Det kunne vi sjå i går.

Tine Fotballskule 2010 over.

25 august 2010
Skrevet av:
Fortunaspelarane Fride Mrkeset (tv) og Charlotte Hus var populre instruktrar.

Fortunaspelarane Fride Mørkeset (tv) og Charlotte Husø var populære instruktørar for gruppa J11-14..

Ei flott fotballhelg er over på Ravn Stadion. 180 fotballspelarar frå Ravn og naboklubbane har vore i aksjon.
Vi vil rette ein stor takk til all desse flotte fotballspelarane.

Vi vil også rette ein stor takk til dei eksterne instruktørane som var med på å gi denne fotballskulen eit ekstra løft.
Desse var: Knut Hallvard Eikrem (Molde og Aker Akademiet). Andre Nevstad og Einar Magne Skeide (Hødd).
Fride Mørkeset og Charlotte Husø (Fortuna). Dei to sistnevnte var begge i aksjon i dagens kamp for Fortuna der dei
rodde i land sin første heimesiger på Color Line Stadion (1-0 mot Alta). IL Ravn gratulerer.
I tillegg hadde vi stort utbytte av øktene om kosthold av ernæringsfysiolog og øktene om skadeforebygging av fysioterapeutane.

Vi vil også takke alle dei frivillige i eigen klubb som har stått på for å få til dette arrangementet. Trenarar, lagleiarar, fotballstyre
og foreldre. Vi ønsker alle velkommen tilbake neste år.

Tap for Ravn-laga.

24 august 2010
Skrevet av:

3 av våre lag har vore i aksjon i det siste og fått seg kvart sitt tap.

Torsdag: G16 Ravn-VIGIGO 3-8.
Mandag: J14 Stranda-Ravn 5-3.
Mandag: G14 Ravn-Aksla 1-2.

Laga som skal i aksjon i dag og som skal snu trenden er: Alaget (heime mot Stranda 2), J13 (borte mot Valldal), J11 (heime mot Ørskog) og J7 (miniturnering heime).

Flott helg med fotball

23 august 2010
Skrevet av:
Mr. Hødd, Andre Nevstad, forklarar korleis dei skal skape og utnytte rom i fotball.

Mr. Hødd, Andre Nevstad, forklarar korleis dei skal skape og utnytte rom i fotball.

Av AOT.

Ei flott helg med fotball er over på Ravn Stadion. 180 fotballspelarar i alderen sju til 15 år frå Ravn og naboklubbane har vore i aksjon på Tine Fotballskule.
-Det mest utrulege er vel at veret har halde seg, seier fotballeiar Unni Krogsæter. Ho rettar ein stor takk til alle flotte fotballspelarane som var med å gjere helga til ei stor oppleving.
For trass i mange trugande skyer i helga, var det minimalt med regn og vind som la kjelkar i vegen for arrangementet, som etter kvart er blitt til tradisjon den første helga etter at skulen startar. Små og store held på med stor iver og intensitet frå første til siste spark.
Populære
Fortunaspelarane Fride Mørkeset og Charlotte Husø var begge i aksjon som populære instruktørar for dei største jentene laurdag.
-I dag trenar vi teknikk. Det er viktig at også jentene blir flinke med ball, sa Charlotte Husø i ei drikkepause.
Elles var ikkje det å bli god i fotball nokon heksekunst.
-Det er viktig å prøve å gjere sitt beste heile tida, seier ho.
Endeleg siger
I år har Forutna vunne alle sine seks bortekampar, men har tapt tre og spelt tre uavgjort heime. Vi spurte dei kvifor dei ikkje klarte å vinne på heimebane og fekk eit greitt svar.
-Det skulle vi også ha likt og visst!
Men dagen etter var jentene i elden i kamp. Og endeleg rodde FK Fortuna i land sin første heimesiger på Color Line Stadion, etter1-0 mot Alta.
-IL Ravn gratulerer, heiter det på laget sine heimesider.
Frivillige
IL Ravn har ein stor stab med frivillige frå eigen klubb som har stått på i lang tid og stod på i helga for å få til dette arrangementet. Basen er Il Ravn si nye kunstgrasbane og Eidet kulturhall. Ikkje fritt for at mange minnest tidlegare dagar med regn og vind på gras og grus.
Trenarar, lagleiarar, fotballstyre og foreldre har alle gjort sitt for at to og ein halv dag med fotballskule gjekk smertefritt. IL Ravn tenkjer allereie no framover. I år var det 6. gong Tine Fotballskule blei arrangert. Neste år vil Ravn ønskje velkomne til den 7. Inntektene frå skulen, kafeen og lotteriet kjem godt med for laget, som har stor aktivitet mange lag i aksjon.
Endringar
Sportsleg leiar Jan Petter Hagen i IL Ravn seier til Haramsnytt at Fotballskulen i år er basert på same lest som før, men med to store endringar.
– Det første er at vi har henta inn eksterne instruktørar for dei største jentene og gutane. Knut Hallvard Eikrem (Molde FK og Aker Akademiet), Andrè Nevstad og Einar Magne Skeide (Hødd). Vidare er det spelarane Fride Mørkeset og Charlotte Husø (Fortuna). Den andre store endringa er at vi før lunsj laurdag hadde kurs i ernæring, kosthald og skadeførebygging for dei over 10 år.
Begge tiltaka såg ut til å bli tekne i mot med opne armar. Ikkje minst instruktørane utanfrå var populære innslag og intensiteten blei høgare enn normalt.
Jan Petter Hagen seier ei gruppe på 180 spelarar er passande for å drive effektiv fotballtrening og ferdighetsutvikling med dei midlane laget rår over.

J14 nådde kvartfinalen i Hessa cup.

22 august 2010
Skrevet av:

J96hessacup

Etter ein noko tung start på haustsesongen (0-7 mot Sykkylven) vart HessaCup ei positiv oppleving for jentene våre. Vi nådde kvartfinalen der vi måtte gi tapt for Herd 0-2. Straffebom og keeperskade til tross, jentene gjorde ein flott kamp og kunne med litt hell gått vidare. (Herd vart nr. 2 i turneringa)

Innleiande kampar: Ravn – Stryn 2-0. Ravn – Ellingsøy 2-3 i ein kamp der vi dominerte spelemessig. Ravn – Hessa 4-0.

Helga vart sånn som vi håpa. Tette gode kampar som gav oss verdifull matching, som garantert vert god å ta med seg inn mot vidare seriespel i 1.div.
J14: Bak frå venstre: Christina Græsdal, Andrea Indstø, Andrea Noem, Pauline Neergård, Malene Noem.
Framme frå venstre: Oda Christensen, Sunniva Østigard, Ingrid Åsemyr, Amanda Tenfjord.
Liggande: Johanna Solvang.
Keeper Johanna skada seg i finalen, men kjenner vi den tøffe Johanna rett så er ho snart kampklar igjen.

Nyttig Tine-info.

20 august 2010
Skrevet av:

I dag (fredag 20. august) er det klart for Tine Fotballskule på Ravn Stadion. 180 spelarar har meldt seg på.
Dersom nokon er i tvil om dei er påmeldt er det berre å møte opp så ordner vi det.

Programmet er:

Fredag kl 16.30-17.30. Registrering av deltakere i kulturhallen. Alle skal då betale 400 kr. Då får ein utdelt Tine-effektane. Ein får og vite kva post ein skal møte på ute på bana.
Fredag kl 17.30-20.00. Fotballskule. Første del av økta vert det div. øvingar. Andre del av økta vert det spel. G12-G15 vil på denne økta bli leia av Knut Hallvar Eikrem (Aker-akademiet) og ha eige opplegg.

Laurdag kl 10.00-12.00. Fotballskule for dei frå 7-9 år. Øvingar og spel.
Laurdag kl 10.00-11.00. Kurs i kosthold for dei frå 10-11 år (og trenarar).
Laurdag kl 10.00-11.00. Kurs i skadeforebygging for dei frå 12-15 år (og trenarar).
Laurdag kl 11.00-12.00. Kurs i skadeforebygging for dei frå 10-11 år (og trenarar).
Laurdag kl 11.00-12.00. Kurs i kosthold for dei frå 12-15 år (og trenarar).

NB! Foreldre og andre interesserte som vil vere med på kursa i kosthold og skadeforebygging er velkomne til det.

Laurdag kl 12.00-13.00. Tine lunsj. (Dei minste startar på lunsjen eit kvarter før dei andre ca kl 11.45).

Laurdag kl 13.00-15.30. Fotballskule. J11-J14 vil her ha eige opplegg med Fride Mørkeset og Charlotte Husø frå Fortuna. G12-15 vil ha eige opplegg med Andre Nevstad frå Hødd.

Søndag kl 10.00-12.00. Fotballskule.
Søndag kl 12.00-13.00. Tine lunsj.
Søndag kl 13.00-15.30. Fotballskule.

Det vert det kiosk/kafe under heile fotballskulen i kulturhallen. Det vert og grilling fra lunsj-tider både laurdag og søndag.
Vi anbefalar foreldre å ta seg ein tur og kose seg litt. Vi er konsekvente på at vi skal ha lave priser i vår kiosk/kafe.

Ellers er fotballotteriet vårt verdt å nevne, med blant anna effekter frå Molde og Aafk blandt premiane.

Vel møtt til ei triveleg helg på Ravn Stadion.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv