Strålande vårsesong for dei stolte kvittrøyene.

19 juli 2010
Skrevet av:

Av POT (ennfjord)

Halve fotballsesongen 2010 er unnagjort, og for fotballen i Ravn er konklusjonen denne:

Dei stolte kvittrøyene som pryder våre ca. 25 lag; (i Norge er det berre storlag som Fredrikstad og (lokalt) Bergsøy som kan smykke seg med dei same klassisk vakre fargane) har levert ein ypperleg vårsesong, både i kvalitet og breidde.

For å starte med A-laget så har dei utifrå ressursane gjort det bra. Til tider har dei hatt store mannskapsproblem, og skal ein kike litt bak resultata så har Erlend fått inn ein svært god struktur i laget. To siste kampane før ferien var gode, og laget er i stadig framgang.

Juniorane har gjort ein bra vårsesong, midt på tabellen. 3-4 av dei spelar fast på A-laget.       G16 er ubeseira! Tobbens gutar har hatt ein formidabel sesong, spelar fin fotball og lagar masse mål, 28 poeng på 10 kampar. G14 er også heilt i i teten og spelar godt, for ikkje å snakke om G13, som spelar i 1.divisjon til hausten. Her går ballen på skinner, det er ein fryd å sjå for ei speleforståing desse gutane har. Det same kan seiast for G12 ,G11 og G10, her er det teknisk fin fotball som er melodien. Og felles for alle gutelaga er at dei som vil satse får sjansen ved å hospitere på eldre lag. Og blant dei aller yngste er også aktiviteten større enn nokon gong.

På jentesida er minuset at vi ikkje greidde å stille lag i damer og J 16. Men vonleg vil dette rette seg, for i J14 er det fullt trøkk og heilt i tabellteten. Desse jentene leverer topp underhaldning kvar kamp, og er i 1.divisjon til hausten. Like eins J13 driv svært godt, og her er det 3-4 jenter som er tatt ut til sonesamlingar og vil ha sjansen til å kome på kretslag.
Det er også stor aktivitet og fine resultat i dei yngre klassene. Og nyleg starta 18 jenter opp med fotball i den yngste klassa (J7)  i vår.

Gode resultat er kjekt. Laga våre vinn mykje meir enn dei taper, men vel så viktig er den entusiasmen og positive trenden som rår i klubben. Det har aldri vore så bra stelt med fotballen i Ravn, i kvantitet eller kvalitet. Eit dyktig fotballstyre, eit stort korps av trenarar og oppmenn/kvinner har gjort at forventningane om framgang etter at vårt fantastiske anlegg vart åpna for to år sidan er innfridde -og vel så det.

La oss håpe på ein like strålande haustsesong for våre vakre stolte kvittrøyer!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv