Gutelaget avslutta STOR vårsesong med siger mot Brattvåg!

03 juli 2010
Skrevet av:

Nabooppgjeret på Eidet fredag vart ein skikkeleg «rysare». Eit sigersvant Ravnlag var lettare rysta då Brattvåg leia 3-1 til pause. Men i 2. omgang viste våre gutar kva som bor i dei. Ein del taktiske grep vart tatt, sjansane vart utnytta, og jubelen var enorm då fløyta gjekk og Ravn hadde snudd til 4-3 siger. Den 4. sigeren på 11 dagar var i hamn!

Det starta oppskriftsmessig for Ravn då Eirik Tomren lobba inn 1-0 på mesterleg vis frå skrått hald før minuttet var gått. Her trudde publikum – og kanskje spelarane? – at dette skulle gå av seg sjølv, som det har gjort i det siste. Men eit solid Brattvåglag tok tak i kampen, og utlikna på eit susande frispark etter 10 minutt. Ravn fekk ikkje spelet til å gli, Brattvåg vann dei fleste duellane, og det var ikkje ufortent at dei midt i omgangen hadde gått opp til 1-3. Ravn kom imidlertid sterkt tilbake mot slutten av omgangen, men greidde ikkje å få inn mål.

I pausen var det tydeleg at gutane hadde fått klar melding frå trenar Tobben om at her var det berre å stå på. Og den fine trenden frå avslutninga av 1.omgang heldt fram. Ravn vann  dei fleste duellane, skapte sjansar etter godt spel – og utteljinga kom. Før halvtimen var gått hadde Ravn snudd kampen til 4-3. Måla vart gjort av Brede Solheim, Stian Stokke og Sigurd Korsnes.

Siste 10 minutta la Ravn seg litt nedpå, og Brattvåg kom med ein sluttspurt. Men eit solid Ravnforsvar stod imot,  og gutane tok sin 9. siger på 10 vårkampar (ein uavgjort). Ein strålande prestasjon av ein fin gjeng som har vist god fotball og jobbar for kvarandre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv