Tap for alaget.

09 juni 2010
Skrevet av:

Kampsituasjon

Kampsituasjon


5.divisjon
Ravn-Harøy 2-4 (1-0)
Dommar: Bjarte steinsbu, Brattvåg.
Publikum: ca 80

Harøytrenar Jan Vatnehol heia på bortelaget for første gong på Ravn stadion.
5. divisjonsoppgjeret mellom naboane Ravn og Harøy vart veldig spesielt og kjensleladda for tidlegare Ravntrenar og –spelar Jan Vatnehol.
No trenar han Harøy som vann 4-2 på kunstgraset og kjempar heilt i toppen.
– Det er første gong i mitt liv eg er på Ravn stadion og ikkje heiar på Ravn, seier Vatnehol til Haramsnytt.
Kim Krogsæter skåra begge for heimelaget. Stian Harnes, Rolf Borgan, Morten Håhjem og Erlend Coates skåra for Harøy.
– Vi har har skåra minimum tre mål i alle kampane i år. Ingen tvil om at kampbildet snur seg til vår fordel i medvinden i 2. omgang, seier Vatnehol.

Erlend Fjørtoft seier at Harøy var effektive og skåra på sjansene sine.
-Men vi gir dei billige mål. Vi er dårlege i duellspelet, særleg inne i boksane.
Tomålsskårar Kim Krogsæter vart kåra til Ravn sin bestemann.

Webredaksjonen vil legge til at begge karane er dyktige trenarar. I fjor spelte begge på Ravn sitt gode Herre7 lag,
og lærte nok mykje fotball av sine meir rutinerte medspelarar det året.

HARØY EFFEKTIV. Laga hadde kvar spelemessig sin omgang. Harøy i mørke drakter tukta heimelaget med sin effektivitet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv