Siger og tabelltopp for J14.

01 juni 2010
Skrevet av:

Etter 6-5 i nabooppgjøret mot Skodje inntek J14 tabelltoppen i si avdeling.
Nok ein godt gjennomført kamp av jentene. Tidvis mykje flott spel og susande avslutningar. Men så var det dette med 2×35 min. då.

På 6-2, 10 min. ut i andre omgang, trudde dei fleste at det var «køyrt». Det trudde visst jentene også,
og på sedvanleg vis laga dei ei så spanande avslutning på kampen at sjølv Alfred Hitchcock hadde fått problem med å overgå det.
Heldigvis har vi sterke hjarter på lagleiarbenken.

Målskorarar: Ingrid Åsemyr 2, Andrea Indstø 3, Amanda GeorgiadiasTenfjord.

Laget ellers: Johanna Solvang (keeper), Andrea Noem, Pauline Neergård, Oda N. Christensen,
Christina Græsdal, Sunniva Østigård, Victoria Standal og Oda Sperrre Tenfjord (J13).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv