Månedlig arkiv: juni 2010

Nye Ravnjenter i gang.

09 juni 2010
Skrevet av:

J2003
Heile 18 jenter har i år starta opp med fotball på J2003. Dei er ein flott og ivrig gjeng,
som kjem til å ha det mykje moro med fotballen i åra som kjem.
Utruleg bra at so mange jenter startar med fotball. Dette skal vi vere stolte av i IL Ravn.
Trenarane er Jan Petter og Susanne, med Øystein som hjelpetrenar. Lagleiar er Karin Aas Myhren.
Laget har vore på 2 miniturneringar til no (i Brattvåg og på Sjøholt), og stiller med 2 lag. Dei spelar sine
kampar mot Ørskog 1 og 2, Emblem og Brattvåg.
Etter sommaren skal vi sjølv arrangere miniturnering. Det ser vi fram til.

På biletet kan du sjå:
Framme fra venstre:Vilde, Matilde, Alicje, Paulina, Emma, Heidi, Alyssa.
Bak fra venstre:Inger Lise, Line W., Karoline, Anna Linnea, Helene, Line, Mathea.
Desse var ikkje til stades då biletet vart tatt:Sofie, Aurora, Mildrid, Jasvini.

Resultat

09 juni 2010
Skrevet av:

Tirsdag: G14. Ravn – Brattvåg 2-1.
Mandag: G19. Ravn – Aksla 4-6.

2 kampar på stadion i dag. Alaget: Ravn – Harøy. J14: Ravn – Ørskog.
Begge med start kl 18.30.

Ravn-kampar.

07 juni 2010
Skrevet av:

Spela før helga:
G14: Ellingsøy – Ravn 1-0.
G16: Rollon1 – Ravn 1-6.
J13: Ravn – Harøy 5-0.

Juniorlaget møter Aksla på Ravn Stadion i kveld (mandag) kl. 18.30.

Slitne 11-åringer kjempa godt.

03 juni 2010
Skrevet av:

Både G11 Raud og J11 spelte kampar tirsdag 01. juni. G11 møtte Godøy og J11 møtte Ellingsøy.
Felles for dei fleste av spelerane våre var at dei hadde gangsperre i føtene pga at dei blant
anna hadde sprunge 3000 meter på skulen dagen før.
Det var tungt å kome i gang, men begge våre lag kjempa heroisk i kampane sine. Det vart
2 tette og jamnspelte kampar, som kunne bikka begge vegar. Denne gongen vart det 2
knepne sigrar til laga frå Ravn, etter veldig god innsats.

Siger og tabelltopp for J14.

01 juni 2010
Skrevet av:

Etter 6-5 i nabooppgjøret mot Skodje inntek J14 tabelltoppen i si avdeling.
Nok ein godt gjennomført kamp av jentene. Tidvis mykje flott spel og susande avslutningar. Men så var det dette med 2×35 min. då.

På 6-2, 10 min. ut i andre omgang, trudde dei fleste at det var «køyrt». Det trudde visst jentene også,
og på sedvanleg vis laga dei ei så spanande avslutning på kampen at sjølv Alfred Hitchcock hadde fått problem med å overgå det.
Heldigvis har vi sterke hjarter på lagleiarbenken.

Målskorarar: Ingrid Åsemyr 2, Andrea Indstø 3, Amanda GeorgiadiasTenfjord.

Laget ellers: Johanna Solvang (keeper), Andrea Noem, Pauline Neergård, Oda N. Christensen,
Christina Græsdal, Sunniva Østigård, Victoria Standal og Oda Sperrre Tenfjord (J13).

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor

Banekalender

banekalender

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv