Juniorlaget: Bortesiger 4-2 mot Emblem

14 juni 2010
Skrevet av:

Etter mager poengfangst i det siste reiste Ravnjunioarane seg på Emblem mandag kveld. Ein mesterleg laginnsats siste halvtimen resulterte i eit comeback nesten på linje med Lazarus sin oppstandelse frå dei døde. Emblem si «sikre» 2-0 leiing vart til 4-2 siger til Ravn.

Laget: Holger, Joakim, Erik Stokke, Michal, Eirik U Orheim, Dag, Jørgen, Kenneth, Eirik Tomren, Øystein, Ole Sivert, John, Stian, Anders, Ole Pej.

Merkeleg nok stod det 0-0 ved pause, etter at Ravn hadde nokre feite sjansar i åpningsminutta, medan Emblem kom sterkt mot slutten. Heldigvis for Ravn var dei svake framfor mål. Godt stopparspel av Michal var også årsaka til at vi heldt nullen.

Men etter 10 minutt i 2. omgang stod det 2-0 til Emblem og lite tyda på Ravnpoeng. Like etter reduserte Øystein, og plutseleg var Ravngutane i støtet. Kraftspissen Ole Sivert spelte ein stor kamp, og etter ei forsering vart han klipt ned. Eirik Tomren var like sikker som banken var i gamle dagar og utlikna frå straffemerket.

Banens offensive gigant, kaptein Dag Ruben, gjorde 2-3 med ei herleg forsering og runding av 3-4 mann før han netta elegant. Emblem hadde farlege angrep mot slutten, men Holger, tilbake i målet etter ein lengre skadeperiode, varta opp med ei klasseredning. I sluttminutta avgjorde vi definitivt, etter fint samspel mellom Øystein og Kenneth avslutta sistnemnde med sitt første mål for året, ei kule nede i hjørnet.

Med fleire halvsjuke og småskada spelarar måtte vi foreta ca. 20 spelarbytte, og alle 15 gjorde ein flott innsats. Michal og Dag spelte stort, Jørgen kom som ei kule i 2.omgang, Eirik U O sprang enormt på midtbanen, og siste halvtimen var ei oppvisning i vinnarvilje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv