J11 ferdig med vårsesongen.

18 juni 2010
Skrevet av:

J11-laget med trenarane Odd Kåre Davik og Øystein Grytten

J11-laget med trenarane Odd Kåre Davik og Øystein Grytten


J11-laget har i vår spelt 7 seriekampar. Dette er første sesongen for laget med 7ar-kampar.
Laget har 12 spelarar, og desse har vore stabile i dei åra vi har spelt fotball. Jentene kjenner
kvarandre godt, og miljøet og samhaldet i laget er godt. Vi er ikkje av dei beste laga reint
resultatmessig (enno!), men det veit vi kjem. Vi har vunne omtrent like mange kampar som
vi har tapt i år, ingen uavgjorte.
Vi avslutta vårsesongen med tap både mot naboane frå Norborg og Brattvåg. Men spelemessig
er avstanden fram kort, og vi skal jobbe hardt for å forbetre spelet vårt.
Vi kom seint i gong med sesongen i år, og gler oss allereie til haustsesongen.
I dag reiser laget til Grodås Cup (det same gjer J13). Det skal vere ein sosial tur for å styrke
miljøet i laget ytterligare. Det blir 2 overnattingar på klasserom, og alle som har vore med
på slikt tidlegare veit kor gøy det kan vere. Alle spelarane er med på turen.
Desse jentene skal vi ha i Ravnfotballen i mange år framover. Vi gler oss!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv