Jørgen Hatlehol, 97-modell frå IL Ravn er utteken til samling med Team Sunnmøre på Høddvoll
11.-15. august. Dette er ei samling for gutar og jenter (94, 95, 96 og 97-modellar).
Nålauget er trangt, og berre ein til spelar frå Haram er utteken (Torbjørn Grytten, Brattvåg. 95-modell).
Vi gratulerer, og ønskjer Jørgen lykke til.
Ufortjent er det i alle fall ikkje. Jørgen er nok av dei spelarane i IL Ravn som har lagt bak seg flest
treningstimar dei siste åra (uansett årgang).
Meir kan du lese her: Team Sunnmøre