Anders Berg(a) Ravnpoeng mot Emblem

29 juni 2010
Skrevet av:

Den trufaste innbyttar Anders Berg vart Ravns redningsmann då han 5 minutt før slutt raida opp på høgresida og la eit ferdigscora innlegg som Even Vatneødegård dundra i mål til 1-1.

Ravn – Emblem 1-1 (0-1)
Mål Ravn: Even Vatneødegård (85)
Gule kort: oppptil fleire på begge lag.
Dommar: Arild Holm, Valder.

Ravnbørsen: 3: Øyvind K. 2. Erik. 1. Øyvind F.

Andersraidet og Evenmålet sørga for eit særs velfortent Ravnpoeng, i ein underhaldande og god kamp der heimelaget var beste laget spelemessig. Særleg i 1.omgang dominerte Ravn og viste mykje flott spel. Kim fekk største sjansen då han brende av over frå 5 meter. Og eit par gonger var det hårfine offsideavblåsingar som hindra at Kim og Knut Egil kom åleine mot den småvokste men svært gode Emblemskeeperen.
Desto surare var det at Emblem scora på sin einaste sjanse før pause. Den elles så solide keeper Vebjørn Fjørtoft stod langt ute og ein årvaken Emblemspelar skaut i mål frå langt hald.

2.omgang vart jamnare spelemessig, framleis med Ravn som det førande laget. Men det vart skapt lite av klare målsjansar, og eit solid Emblemsforsvar såg ut til å sikre seieren. Ravn var ikkje flinke nok til å utnytte rommet rundt dei luftsterke og hardfarbeidande spissane Sverre og Knut Egil. Men så kom altså det magiske byttet: Anders var såvidt komt inn då han la den avgjerande pasninga som Even knalla i mål.
Totalt sett årsbeste spelemessig i ein godt gjennomført kamp!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv