Alaget slo Giske 5-0.

25 juni 2010
Skrevet av:

5.divisjon avd. 1: Ravn-Giske 5-0 (2-0)
Mål: Andrè Fjørtoft, Thomas Aarseth, Eivind Ulla, Øyvind K. Krogsæter, Knut Egil Lid.
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg – god.
Ravnbørsen: 3: Øyvind K., 2: Eivind 1:, Andrè.

A-laget tok ein etterlengta siger med solide 5-0 over Giske torsdag. Resultatet var omtrent dekkande for det som skjedde dei 90 minutta; Ravn hadde eit jamnt speleovertak og skapte 10-12 store målsjansar, medan Giske hadde ein.

Ravn spelte seg raskt til eit overtak, og etter eit par stangtreff var det klart for 1-0 av Andrè, ei perfekt heading i nettaket etter corner. Like etter vart Thomas spelt flott igjennom av Eivind, skar inn frå høgre og la kula kontrollert i hjørnet.

Giske yppa seg litt etter pause og hadde ein storsjanse med ball i tverrliggaren, men resten av omgangen vart Ravns. Midtbana varierte oppspela fint og brukte begge kantane, og med litt meir presisjon i siste pasninga kunne sigeren fort blitt større. No vart det med ein flott soloprestasjon av Eivind – dribling av 5 mann til 3-0, eit susande skot av ein offensiv venstre back Øyvind, før Knut Egil vart spelt igjennom og gjorde 5-0 i sluttminutta.
Ravn avsluttar vårsesongen heime mot Emblem mandag, og med den sterke troppen som er disponibel for tida bør det vere gode sjanser for poeng mot eitt av topplaga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv