6-1 mot Rollon og tabelltet for gutelaget

16 juni 2010
Skrevet av:

G16 vann 6-1 heime mot Rollon tirsdag i ein utsett kamp frå 1. runde. Det var same resultatet som borte mot same lag for eit par veker sidan. Dermed inntok gutane tabellteten i avdeling 3, med 15 poeng på 6 kampar og solid målforskjell.
Måla vart scora av Eirik (3), Stian, Mads Even og Puru.

Ravn la grunnlaget for seieren med ei sterk åpning der Rollon knapt kom over midtbanen. Mads Even var frampå med 1-0 etter 5 minutt, ei fin scoring og årets første for Mads. Deretter la Eirik eit perfekt frispark som luftsterke Stian heada i mål. Eirik scora så sitt første for dagen med eit velpassert skot. Første halvtimen dominerte Ravn fullstendig og spelte god fotball. Ei aggressiv midtbane vann dei fleste duellane og sette i gang presise angrep, der også backane kom med i angrep. Kristian kom på fleire fine overlappingar og var nesten like mykje ving som back.

Eit teknisk brukbart Rollonlag hadde sin beste periode i den lette medvinden etter pause og reduserte til 1-3. Men mot eit godt organisert Ravnforsvar vart dei litt for lette.
Ravn hadde ein del forfall til denne kampen, og i 2.omgang var halve G14 innpå. Alle greidde seg godt, og særleg Puru bemerka seg med konstruktivt spel, to målgivande og ei fin scoring. Og der var forarbeidet til Sigurd av toppklasse. Dei to andre måla stod Eirik for, det siste etter eit skikkeleg soloraid.
Ein ny fin kamp av gutelaget, som spelar ny heimekamp mot HaNo alt på fredag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv