Daglig arkiv: 14 juni 2010

Juniorlaget: Bortesiger 4-2 mot Emblem

14 juni 2010
Skrevet av:

Etter mager poengfangst i det siste reiste Ravnjunioarane seg på Emblem mandag kveld. Ein mesterleg laginnsats siste halvtimen resulterte i eit comeback nesten på linje med Lazarus sin oppstandelse frå dei døde. Emblem si «sikre» 2-0 leiing vart til 4-2 siger til Ravn.

Laget: Holger, Joakim, Erik Stokke, Michal, Eirik U Orheim, Dag, Jørgen, Kenneth, Eirik Tomren, Øystein, Ole Sivert, John, Stian, Anders, Ole Pej.

Merkeleg nok stod det 0-0 ved pause, etter at Ravn hadde nokre feite sjansar i åpningsminutta, medan Emblem kom sterkt mot slutten. Heldigvis for Ravn var dei svake framfor mål. Godt stopparspel av Michal var også årsaka til at vi heldt nullen.

Men etter 10 minutt i 2. omgang stod det 2-0 til Emblem og lite tyda på Ravnpoeng. Like etter reduserte Øystein, og plutseleg var Ravngutane i støtet. Kraftspissen Ole Sivert spelte ein stor kamp, og etter ei forsering vart han klipt ned. Eirik Tomren var like sikker som banken var i gamle dagar og utlikna frå straffemerket.

Banens offensive gigant, kaptein Dag Ruben, gjorde 2-3 med ei herleg forsering og runding av 3-4 mann før han netta elegant. Emblem hadde farlege angrep mot slutten, men Holger, tilbake i målet etter ein lengre skadeperiode, varta opp med ei klasseredning. I sluttminutta avgjorde vi definitivt, etter fint samspel mellom Øystein og Kenneth avslutta sistnemnde med sitt første mål for året, ei kule nede i hjørnet.

Med fleire halvsjuke og småskada spelarar måtte vi foreta ca. 20 spelarbytte, og alle 15 gjorde ein flott innsats. Michal og Dag spelte stort, Jørgen kom som ei kule i 2.omgang, Eirik U O sprang enormt på midtbanen, og siste halvtimen var ei oppvisning i vinnarvilje.

G11-laga imponerer fortsatt.

14 juni 2010
Skrevet av:

Ravn Kvit møtte møtte Lepsøy tordag kveld. Lepsøy var såpass redusert at dei måtte låne nokre G10 spelarar frå Ravn og kampen vart spela på 5er bane. Ravn Kvit gjorde ein fin innsats mot tapre Lepsøy(og Ravn-)spelarar, sjøl om dei i banespel og målprotokoll var overlegne denne kvelden

Ravn Raud fekk sterkare motstand mot Herd Stars fredag. Begge laga forsøkte og lukkast med å spele god fotball i regnveret, og publikum fekk sjå mange fine kombinasjonar av begge lag, mange sjansar, gode enkeltpresentasjonar og fine mål. Både Ravn og Herd hadde skudd i stolpane, men ingen kan synes det var ufortent at Ravn fekk fleire mål i protokollen enn Herd denne dagen. Fin kamp av to gode lag.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv