Daglig arkiv: 09 juni 2010

Tap for alaget.

09 juni 2010
Skrevet av:

Kampsituasjon

Kampsituasjon


5.divisjon
Ravn-Harøy 2-4 (1-0)
Dommar: Bjarte steinsbu, Brattvåg.
Publikum: ca 80

Harøytrenar Jan Vatnehol heia på bortelaget for første gong på Ravn stadion.
5. divisjonsoppgjeret mellom naboane Ravn og Harøy vart veldig spesielt og kjensleladda for tidlegare Ravntrenar og –spelar Jan Vatnehol.
No trenar han Harøy som vann 4-2 på kunstgraset og kjempar heilt i toppen.
– Det er første gong i mitt liv eg er på Ravn stadion og ikkje heiar på Ravn, seier Vatnehol til Haramsnytt.
Kim Krogsæter skåra begge for heimelaget. Stian Harnes, Rolf Borgan, Morten Håhjem og Erlend Coates skåra for Harøy.
– Vi har har skåra minimum tre mål i alle kampane i år. Ingen tvil om at kampbildet snur seg til vår fordel i medvinden i 2. omgang, seier Vatnehol.

Erlend Fjørtoft seier at Harøy var effektive og skåra på sjansene sine.
-Men vi gir dei billige mål. Vi er dårlege i duellspelet, særleg inne i boksane.
Tomålsskårar Kim Krogsæter vart kåra til Ravn sin bestemann.

Webredaksjonen vil legge til at begge karane er dyktige trenarar. I fjor spelte begge på Ravn sitt gode Herre7 lag,
og lærte nok mykje fotball av sine meir rutinerte medspelarar det året.

HARØY EFFEKTIV. Laga hadde kvar spelemessig sin omgang. Harøy i mørke drakter tukta heimelaget med sin effektivitet.

Klubbdommervester Fair Play.

09 juni 2010
Skrevet av:

Svein Ove Haugen frå fotballkretsen med klubbdommarvest.

Svein Ove Haugen frå fotballkretsen med klubbdommarvest.


Vi har nå mottatt et antall klubbdommervester fra kretsen. Disse har logo med fair play, og skal brukes av alle våre klubbdommere under kamp.
Vestene vil ligge på bakrommet i hjemmegarderoben, og skal legges tilbake dit etter bruk.

Fjord og fjellmarsj søndag 13. juni.

09 juni 2010
Skrevet av:

FJORD- OG FJELLMARSJEN

For 26. gong søndag 13. juni 2010.

START/MÅL: Vatne barneskule.
DISTANSAR: 5 km – 12 km – 20 km. + 28 km sykkel.
STARTTID: kl. 09.30 – 11.00.
INNKOMST: Seinast kl. 15.00.
STARTGEBYR: Kr 50,- for vaksne, barn under 16 år kr 30,-.
PREMIERING: 1. – 3. år: Merke i bronse, sølv og gull, frå 4. år: Medalje.
KIOSK: Det vert kiosksal ved start/mål.
LØYPER. 5 km: Løypa går på asfalt- og grusveg i Vatneområdet.
12 km: Løypa går til Ulstadsetra, over ”Øtrefjellet” mot Vestredalen, ned i Vatnedalen og tilbake til start.
første delen på relativ bratt seterveg, deretter fjellterreng og siste delen (ca. 4 km) på asfalt.
20 km: Løypa går til Ulstadsetra, langs nordsida av Ulstadvatnet via Døsasetra til Vestrefjorden, over fjellet til Vestresetra, ned til Vatnedalen og tilbake til start.
28 km: Løypa går på asfaltert veg langs Vatnefjorden til Vestrefjorden og same vei tilbake til start.
Flygeblad: 2010 flygeblad Fjord- og Fjell-marsjen

Nye Ravnjenter i gang.

09 juni 2010
Skrevet av:

J2003
Heile 18 jenter har i år starta opp med fotball på J2003. Dei er ein flott og ivrig gjeng,
som kjem til å ha det mykje moro med fotballen i åra som kjem.
Utruleg bra at so mange jenter startar med fotball. Dette skal vi vere stolte av i IL Ravn.
Trenarane er Jan Petter og Susanne, med Øystein som hjelpetrenar. Lagleiar er Karin Aas Myhren.
Laget har vore på 2 miniturneringar til no (i Brattvåg og på Sjøholt), og stiller med 2 lag. Dei spelar sine
kampar mot Ørskog 1 og 2, Emblem og Brattvåg.
Etter sommaren skal vi sjølv arrangere miniturnering. Det ser vi fram til.

På biletet kan du sjå:
Framme fra venstre:Vilde, Matilde, Alicje, Paulina, Emma, Heidi, Alyssa.
Bak fra venstre:Inger Lise, Line W., Karoline, Anna Linnea, Helene, Line, Mathea.
Desse var ikkje til stades då biletet vart tatt:Sofie, Aurora, Mildrid, Jasvini.

Resultat

09 juni 2010
Skrevet av:

Tirsdag: G14. Ravn – Brattvåg 2-1.
Mandag: G19. Ravn – Aksla 4-6.

2 kampar på stadion i dag. Alaget: Ravn – Harøy. J14: Ravn – Ørskog.
Begge med start kl 18.30.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv