Månedlig arkiv: juni 2010

Juniorane vann 10-5 over Norborg.

30 juni 2010
Skrevet av:

Ravnjunioarane avslutta vårsesongen med 10-5 over Norborg (7-er) i Uggedalen onsdag.
Dag R. Midsund (4) John I Eide (4) og Even Vatneødgård (2) putta.
Ein bra 1.omgang (7-2), variabelt i 2. Dag Ruben herja med sin slepne teknikk, elles grei innsats av alle 14.

Jørgen Hatlehol utteken til Team Sunnmøre og talentleir.

30 juni 2010
Skrevet av:

Jørgen Hatlehol, 97-modell frå IL Ravn er utteken til samling med Team Sunnmøre på Høddvoll
11.-15. august. Dette er ei samling for gutar og jenter (94, 95, 96 og 97-modellar).

Nålauget er trangt, og berre ein til spelar frå Haram er utteken (Torbjørn Grytten, Brattvåg. 95-modell).
Vi gratulerer, og ønskjer Jørgen lykke til.
Ufortjent er det i alle fall ikkje. Jørgen er nok av dei spelarane i IL Ravn som har lagt bak seg flest
treningstimar dei siste åra (uansett årgang).
Meir kan du lese her: Team Sunnmøre

Anders Berg(a) Ravnpoeng mot Emblem

29 juni 2010
Skrevet av:

Den trufaste innbyttar Anders Berg vart Ravns redningsmann då han 5 minutt før slutt raida opp på høgresida og la eit ferdigscora innlegg som Even Vatneødegård dundra i mål til 1-1.

Ravn – Emblem 1-1 (0-1)
Mål Ravn: Even Vatneødegård (85)
Gule kort: oppptil fleire på begge lag.
Dommar: Arild Holm, Valder.

Ravnbørsen: 3: Øyvind K. 2. Erik. 1. Øyvind F.

Andersraidet og Evenmålet sørga for eit særs velfortent Ravnpoeng, i ein underhaldande og god kamp der heimelaget var beste laget spelemessig. Særleg i 1.omgang dominerte Ravn og viste mykje flott spel. Kim fekk største sjansen då han brende av over frå 5 meter. Og eit par gonger var det hårfine offsideavblåsingar som hindra at Kim og Knut Egil kom åleine mot den småvokste men svært gode Emblemskeeperen.
Desto surare var det at Emblem scora på sin einaste sjanse før pause. Den elles så solide keeper Vebjørn Fjørtoft stod langt ute og ein årvaken Emblemspelar skaut i mål frå langt hald.

2.omgang vart jamnare spelemessig, framleis med Ravn som det førande laget. Men det vart skapt lite av klare målsjansar, og eit solid Emblemsforsvar såg ut til å sikre seieren. Ravn var ikkje flinke nok til å utnytte rommet rundt dei luftsterke og hardfarbeidande spissane Sverre og Knut Egil. Men så kom altså det magiske byttet: Anders var såvidt komt inn då han la den avgjerande pasninga som Even knalla i mål.
Totalt sett årsbeste spelemessig i ein godt gjennomført kamp!

Vårsesongen snart over.

28 juni 2010
Skrevet av:

Her er Ravn-laga som skal i aksjon denne veka:

Mandag 28.06 kl 18.30. 5. div: Ravn – Emblem.
Tirsdag 29.06 kl 18.30. G16: Ravn – HaNo/Lepsøy.
Onsdag 30.06 kl 18.30. Junior: Norborg – Ravn. Uggedal Stadion.
Fredag 02.07 kl 18.30. G16: Ravn – Brattvåg.

Alaget slo Giske 5-0.

25 juni 2010
Skrevet av:

5.divisjon avd. 1: Ravn-Giske 5-0 (2-0)
Mål: Andrè Fjørtoft, Thomas Aarseth, Eivind Ulla, Øyvind K. Krogsæter, Knut Egil Lid.
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg – god.
Ravnbørsen: 3: Øyvind K., 2: Eivind 1:, Andrè.

A-laget tok ein etterlengta siger med solide 5-0 over Giske torsdag. Resultatet var omtrent dekkande for det som skjedde dei 90 minutta; Ravn hadde eit jamnt speleovertak og skapte 10-12 store målsjansar, medan Giske hadde ein.

Ravn spelte seg raskt til eit overtak, og etter eit par stangtreff var det klart for 1-0 av Andrè, ei perfekt heading i nettaket etter corner. Like etter vart Thomas spelt flott igjennom av Eivind, skar inn frå høgre og la kula kontrollert i hjørnet.

Giske yppa seg litt etter pause og hadde ein storsjanse med ball i tverrliggaren, men resten av omgangen vart Ravns. Midtbana varierte oppspela fint og brukte begge kantane, og med litt meir presisjon i siste pasninga kunne sigeren fort blitt større. No vart det med ein flott soloprestasjon av Eivind – dribling av 5 mann til 3-0, eit susande skot av ein offensiv venstre back Øyvind, før Knut Egil vart spelt igjennom og gjorde 5-0 i sluttminutta.
Ravn avsluttar vårsesongen heime mot Emblem mandag, og med den sterke troppen som er disponibel for tida bør det vere gode sjanser for poeng mot eitt av topplaga.

Mykje positivt for J13.

24 juni 2010
Skrevet av:
J13 på Ravn Stadion

J13 på Ravn Stadion

Ravn stilte med 5 jentespillere på sonesamling for 13-åringer i vår. Dette var: Oda, Malin, Ingeborg, Amanda og Katarina (Keeper).
Samlingene gikk over tre treninger, og Ravn fikk alle spillerne sine med videre, til en treningsamling med Fortuna som skal gå over fire dager nå uke i 25.
Det er kjempebra, og Ravn var det laget som fikk med flest spillere av alle fra sonesamlingen.
Nå må de bare stå på videre så kanskje de kommer seg med på «bylaget» til høsten.

I helga var en gjeng fra J13, Katarina, Oda, Malin, Sarvini, Ingeborg, Malene og Hanna + Ingrid fra J12 på Grodås cup.
Vi hadde det kjempe fint der. Jentene storkosa seg og spilte glimrende fotball, og vi kom på en fin andre plass 🙂
Og fikk med oss en stor og flott pokal hjem.
Vi spilte mot Balestrand, Førde og Synnylven.
I en av kampene på lørdagen hadde vi noen småskader og lånte derfor 2 spillere fra J11 (som også var på Grodås Cup).
Det var Fride og Madeleine. De tok utfordringen på strak arm og kom inn og gjorde en kjempe jobb, stor takk til de for god innsats 🙂

Jentene som var på Grodås Cup

Jentene som var på Grodås Cup. Bak f.v. Katarina, Ingeborg, Ingrid, Malin, Malene, Oda. Framme f.v. Hanna, Sarvini.

G16: Ravn slo Ellingsøy 2-0.

24 juni 2010
Skrevet av:

I ein G16-kamp på Ravn Stadion tirsdagskvelden møtte Ravn Ellingsøy og vann 2 – 0.
Måla blei skåra av Stian Stokke (langskudd via tverrligger),
og Eirik Tomren (frispark via tverrligger).

Fellestreningar G9-G10-G11

22 juni 2010
Skrevet av:

Det blir fellestreningar for G9-G10-G11 på mandagar og torsdagar kl 17-18.30,
og på laurdagar kl 10-12 i vekene framover.

Ravnkampar.

22 juni 2010
Skrevet av:

G16 møter Ellingsøy i kveld (tirsdag) kl 18.30 på Ravn Stadion.
Alaget skulle møtt Giske i morgon kl 18.30 på Ravn Stadion, men Giskingane
fann i går ut at Jonsok i år også kjem på den 23. juni…Dermed er kampen flytta
til torsdag kl 18.30.

Juniortap mot Brattvåg

22 juni 2010
Skrevet av:

Juniorlaget tapte 2-3 mot Brattvåg heime mandag, etter å ha gjort ein god 1.omgang og leia 2-0 ved pause.
John I Eide og Eirik Tomren laga måla, men i 2. omgang dominerte Brattvåg og fekk tre mål siste 20 minutta mot slitne Ravngutar.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv