Ravn tok tre poeng mot Lepsøy

26 mai 2010
Skrevet av:

Målskorarane: Even Vatneødegård, Kim Andre Krogsæter og Øyvind Farstad

Målskorarane: Even Vatneødegård, Kim Andre Krogsæter og Øyvind Farstad


Ravn-Lepsøy 3-1 (1-0)
Ravn Kunstgrasbane
Publikum: ca 70
Dommar: Arild Vegsund, Norborg IL.
Mål: 1-0 Øyvind Farstad (45.), 2-0 Kim Andre Krogsæter (50.), 1-2 Johann Kjerstad (73.), 3-1 Even Vatneødegård (77.).
Gult kort: Marius Eide og Geir Seth, begge Lepsøy IL.
Ravn (lagjury sine poeng i parantes): Sven Berland, Thomas Aarseth, Eirik V. Stokke (2), Øyvind Farstad (3), Øyvind Koppen (1), Even Vatneødegård, Jørn Killingmo, Kim Andre Krogsæter, Eivind G. Ulla, Trond Hamre, Dag Ruben Misund. Benytta innbyttarar: Jørn Heggelund og Gunnar E. Tvedt.
Lepsøy (lagjury sine poeng i parantes): Bjørnar Seth (1), Magnus Seth, Geir Seth, Johann Kjerstad (2), Junior Silva, Bjørn D. Graftås (3), Eirik Kjerstad, Martin Farstad, Marius Eide, Nick Hawkes, Frank Gjerde. Innbyttarar: Rune Rønstad og Roger Hurlen.

Heimelaget Ravn trakk det lengste strået i lokaloppgjeret mot Lepsøy.
-Kjekt å vinne fotballkampar. Og det var fullt fortent!, seier ein blid Ravntrenar Erlend Fjørtoft, som på grunn av skader starta med Eivind Ulla som einsleg og møtande spiss. Han enda opp som ein tredje midtstoppar.
-Periodevis er det bra. Vi har bra moral. Vi slit litt offensivt, men vi lagar tre fine mål. Kjekt å skåre eit mål på dødball, seier Fjørtoft og siktar til kula rett frå corner.
Måla
1-0 kom slik. Nokre sekund på overtid i 1. omgang fekk midtstoppar Øyvind Farstad stjernetreff. På heil volley rett frå hjørnespark fauk ballen i nota bak ein sjanselaus Bjørnar Seth i Lepsøy-målet.
2-0. Fem minutt ut i 2. omgang forserte Eivind Ulla fram på høgresida og la presist inn. Der kom Kim A. Krogsæter i 110 og breidsida inn 2-0.
2-1 kom på straffe etter ein situasjon i feltet der Ravnkeeperen felte Lepsøyspiss Johann Kjerstad. Kjerstad tok sjølv straffa og la den knallhardt til høgre for keeper. Sven Berland var til rett hjørne, men skotet vart for hardt.
På stillinga 2-1 til heimelaget yppa Lepsøy seg, men det gjekk berre nokre minutt før heimelaget var oppe i tomålsleiing att.
3-1. Even Vatneødegård vart spelt fri, gjekk heilt igjennom åleine og plasserte ballen lavt og utagbart.
Mot slutten pressa Lepsøy Ravn bakover, men lukkast ikkje å få mål på sjansane.
Overtak
-Ein jamnspelt kamp, men eg følte vi hadde eit lite overtak, spesielt etter målet, meinte Ravnstoppar Øyvind Farstad. Han blei kåra til sitt lags bestemann av ein lokal jury.
Tidvis var det ein oppjaga kamp med mange knallharde duellar og lite finspel. Farstad syntes dommaren la seg på eit greitt nivå, der det var lov å trykke til i duellane.
Lepøsy har ikkje gått på store smellar i år, men slit med å få øvd seg nok i lag.
-Følte vi var med, men fekk mål imot oss på viktige tidspunkt, seier Lepsøytrenar Ivar-Kjell Kjerstad. Han meinte Lepsøy pressa på mot slutten og at Ravn var tryggare i pasningsspelet.
-Mange av spelarane våre er ikkje i form og vi er litt for unøyaktige. Vi har knapt hatt ei trening der vi er alle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv