Ravn – Stordal 1-1

06 mai 2010
Skrevet av:

Målskårar Trond Hamre

Målskårar Trond Hamre


Ravnpoeng i sluttminutta mot Stordal

Ein glimrende soloprestasjon av ein febersjuk Trond Hamre i sluttminutta gav Ravn 1-1 mot Stordal onsdag. Det var ei velfortent utlikning av eit Ravnlag som stod distansen godt og løfta seg etter ein svak 1.omgang.

Laget: Holger (Tony) Erik, Øyvind K, Øyvind F, Thomas, Kim, Dag, Even, Andrè, (Ole Magnus) Eivind, Jørn H (Trond)

Ravnbørsen: 3 poeng: Øyvind Krogsæter 2: Øyvind Farstad: 1: Trond Hamre
Dommar: Alf Krumsvik, Volda.

Stordal overrumpla eit noko tafatt Ravnlag og tok initiativet frå start. Gjestane hadde fotrappe og teknisk gode spelarar framover på banen, og særleg kombinerte dei flott på høgresida. På eit innlegg derifrå kolliderte Holger med medspelar, landa forkjært og måtte ut med ein ankel som etterkvart vart veldig hoven. Inn i målet kom Tony frå venstrebacken, seriedebutant Erik (18) kom inn på backen og leverte ein flott kamp.

Etter kvart kom Ravn meir med i spelet, og hadde eit par store sjanser. Det burde vore 1-0 etter 40 minutt, men den elles svært gode dommer Krumsvik annullerte hårreisande for offside. Dag kom bakfra og var ein meter onside på overlegget frå Trond! I staden kontra Stordal direkte, ein lang ball forbi eit sovande Ravnforsvar og 0-1 10 sekund etter at det skulle stått 1-0. I sluttsekunda av omgangen var det berre ei elendig avslutning frå Stordal for åpe mål som hindra 0-2.

2.omgang starta med Ravntrykk og ein stor sjanse til Even, men skotet gjekk over. Både Jørn, Eivind og Kim hadde gode sjanser, men skota gjekk minst ein etasje for høgt denne kvelden. Både Jørn og Andrè viste friske takter på høgrekanten og kom til mange innlegg, men avslutningane vart for svake. Ravn hadde overtaket heile omgangen, sjøl om Stordal var farlege på kontringar. Ravn køyrde offensivt mot slutten og fekk lønn for strevet. I det 88.minutt kom Trond på eit raid på høgresida, som han avslutta med å sette ballen i mål frå spiss vinkel.

Alt i alt greitt med 1-1 i ein kamp der laga hadde kvar sin omgang. Stordal hadde ein megasjanse til 1-2 i sluttsekunda, men Tony avverga med ein mesterleg fotparade.
Ravn hadde sine beste i dei bakre rekker, men som i dei foregående kampane tok det for lang tid før laget kom inn i kampen.

Neste kamp er heime mot Brattvåg 2 laurdag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv