Knallsterkt av gutelaget , 2-1 over Brattvåg.

15 mai 2010
Skrevet av:

Når G16 først kom i gang i serien så bar det rett inn på vinnarsporet. Fredag vart det 2-1 borte over nabo Brattvåg, der Ravngutane snudde 0-1 ved pause og sikra trepoengaren med ein sterk 2.omgang. Måla vart scora av Harald Fagervoll og Even Hatlehol.

Laga hadde kvar sin omgang på den harde kgb-en i Brattvåg. Heimelaget var best før pause, og noterte eit tverrliggartreff før dei fekk 1-0 midt i omgangen. Martin var sjanselaus då spissen fekk avslutte mutters aleine frå fem meter. Ravn sleit med å få til konstruktivt spel framover, og bortsett frå ein god corner av Eirik var det sjeldan farleg framfor Brattvågmålet. Godt forsvarsspel av Brede, Sigurd, Tommy, Lars Petter og Kristian hindra fleire Brattvågmål og heldt Ravn inne i kampen.

Etter pause gjekk Ravn hardt ut og fekk overtaket, vann duellane på midten og sende presise ballar framover, særleg på høgresida. Stian dundra til i tverrligar frå langt hald, og etter vel halvspelt omgang med fleire bra sjansar kom måla. Muskelbunten Harald putta først inn ein retur til 1-1, og like etter var Even frampå med eit velplassert skot som vart sigersmålet. Brattvåg hadde eit par store sjansar i 2.omgang, men Martin vart ein aldri så liten matchvinnar for Ravn med to kjemperedningar.
God laginnsats – og periodevis fint spel. Neste kamp er heime mot Skodje fredag 21. (Om då ikkje nokon av dei utsette kampane mot Rollon 1 eller Ellingsøy blir spelt.)

Bra jobba gutar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv