Juniortap 3-4 mot Brattvåg.

04 mai 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane kom sterkt mot slutten og gjekk frå 1-4 til 3-4 i Brattvåg mandag. Men spurten kom for seint, tre kjappe Brattvågmål rett etter pause vart eitt for mykje å hente inn.

Spelemessig vart det ingen stor kamp, begge lag var for upresise i pasningsspelet. Ravn tok leiinga då John Ivar Eide sprang igjennom etter ein flikk frå Harald Fagervoll og tåa ballen forbi Brattvågkeeperen. Heimelaget svarte nesten umiddelbart med eit fint mål av den sterke midtspissen. Resten av omgangen vart mest stillingskrig og lite fint spel.

Ravn tapte kampen med svakt forsvarsspel første kvarteret av 2.omgang. Ved 2-1 målet gav vi vekk ballen heilt meiningslaust, 3-1 kom etter corner som upressa vart heada i mål, og på 4-1 hadde halve Ravnlaget gitt opp og var på etterskot.

Men så reduserte Eirik Tomren til 2-4 etter ei bra angrep med overlegg frå venstre, og litt etter Even til 3-4, sjølsagt på eit langskot. Med litt tur kunne Ravn utlikna i sluttminutta på to cornerar der ballen rulla på målstreken, men Brattvåg var nok nærmare 5-3 på sin raske kontringar. Ein god Holger heldt oss imidlertid inne i kampen og sørga for spenning til siste slutt.

Siste 20 minutta var beholdninga for Ravn denne kampen, då viste gutane at dei kan kjempe. Men ei slik kollektiv innsomning som skjedde rett etter pause blir som regel straffa!
Elles vil nok resultata variere for juniorane framover: A-kamp onsdag, laurdag og tirsdag igjen betyr at dei 4-5 som er på A-laget må sparast på juniorlaget. Men det igjen betyr at andre får sjansen. Som t.d. Stian Vatnehagen Stokke, som spelte ein god kamp på midtbanen, trygg med ballen og med godt blikk for spelet. Elles var Holger stødig, og Jørgen på stopparplass viser bra formstiging.

Neste juniorkamp er heime mot Norborg mandag 10., – bra det er 7-erkamp så greier vi å stille lag..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv