God sesongopning for G12

13 mai 2010
Skrevet av:
Markus, Aleksander og Lars Daniel i kampsituasjon mot Herd

Markus, Aleksander og Lars Daniel i kampsituasjon mot Herd

God sesongopning for G12
G12-laget består av Markus, Benjamin K, Matias,
Nikolas, Stian, Lars Daniel, Tor Erling, Severin,
Aleksander, Preben, Benjamin R. Tobias H. har trena
ilag med laget ein del og vore med på kamp.

Laget har under Lars Tenfjord trena jamnt og trutt
heile vinteren, anten ute eller inne med godt
frammøte. Vi har vore opp til 12-13 på trening.
I møte med motstandarane er laget gjerne fysisk meir
uthaldande, speler raskt ball i lengderetninga og har
bevegelege spelarar. Bakover er laget flinke til å
hindre rom og takle.
G12 har i vinter deltatt i Mørecup i Sunnmørshallen
(6. mars) i klassa g13 og kom til kvartfinalen mot
Aksla der det vart tap. Vi var med i Ergocup (2.
april) og gjore det bra. Spesielt artig var kampen
mot Herd som var jamn. Artig var også kampen mot Emblem City. Dei leia 3-1 før forsvararen Benjamin K. kom fram og skåra tre mål utan at emblemingane makta skåre! To av måla kom på utsøkte pasningar frå Lars D. og eit var eit vinkelskot der ballen hadde reist til Magerholm om ikkje målet stod i vegen,
Laget har spelt tremningskampar på is (!) mot
Ellingsøy (19.februar, Herd (23. mars) og Aksla (17.april) – alle med sollide sigrar. Laget er
ferdig med første seriekamp mot Spjelkavik kvit. I alle kampar klarer laget å
produsere mykje meir framover enn motstandaren og får
dermed også overvekt i mål.
Laget har fått ein tilvekst på tre i år, ettersom
Benjamin har kome opp att frå Bergen. Han står i mål
og dermed har vi to målmenn som kan fyre opp
kvarandre. Aleks og Preben har funne fram att skoa.
Begge har teikna seg på skårarlista.Det har også alle andre enn dei to keeperane Severin og Benjamin.
Opp til 4-5 spelarar på G12 får prøve seg på
G13-laget og spele 11-ar der. Det går veldig bra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv