Gutelaget mista sigeren på overtid mot Skodje.

22 mai 2010
Skrevet av:

Ordinær tid var ute og Ravngutane hadde sigeren i lomma med 2-0 leiing over Skodje fredagskvelden.Men gjestane samla seg til ein enorm sluttspurt og sette inn to mål på overtid.
Dermed vart det uavgjort i ein velspelt og svært underhaldande kamp framfor eit rekordstort publikum (ca 70 stk).

Ravn kom best i gang og hadde mange fine oppløp første minutta. Kvarteret var gått då kaptein Stian kom på eit flott løp, tok mot pasninga frå Eirik og avslutta nede i hjørnet til 1-0. Målscorar Stian og Eirik hadde grepet om midtbanen og serverte mange flotte ballar; på ein av dei vart Even feilaktig avblåst for offside for åpe mål.

Skodje kom meir med utover i omgangen og hadde sine sjansar, men skota gjekk rett på ein plasseringssterk Martin. Fortent Ravnleiing ved pause.

2. omgang vart åpen og sjanserik, begge lag spelte direkte og fin fotball. Eirik auka til 2-0 på eit hardt langskot som overrumpla Skodjekeeperen. Skodje hadde no ein sterk periode med store sjansar, og berre ein super beinparade av Martin hindra redusering. Begge laga hadde susande skot i tverrliggar, og det var full nerve i kampen. Skodje køyrde opp sine beste spelarar i sluttminutta, og det gav resultat. Først på ei svært billeg straffe, og så greidde ikkje Ravn å stå imot eit hardt Skodjetrykk dei neste minutta. Då 2-2 kom viste klokka 40+6 minutt; for nokså uforståeleg la dommaren til 8(!) minutt.

Sjølsagt surt for våre iherdige gutar å miste sigeren på overtid, men heilt ufortent var det ikkje etter Skodje si sterke avslutning. Ravn viste beste spelet og hadde eit jamnare mannskap, men Skodje hadde eit par kanonspelarar som var vanskeleg å stoppe i sluttminutta.
Honnør til begge lag for ein flott og underhaldande kamp!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv