Endeleg seriestart for gutelaget.

12 mai 2010
Skrevet av:

Hano – Ravn 2 – 5 (1-1)
Rogne stadion

Snart fire veker etter første seriekamp skulle vært spilt så skulle det lukkast å få avvikle kamp.
Guttane trengte fem minutter på den ujevne grasbana på Rogne før dei begynte å vise fram mykje bra fotball.Da fekk vi sjå
mange ting som vi har jobba med i vinter, både defensivt og offensivt. Joakim Sørvik og Harald Fagervoll hadde kvar sine to store sjansar,
men lukkast ikkje å score. Etter 30 min så lukkast derimot Hano å utnytte ein feil i Ravn forsvaret.Dermed 1-0.Fem minutt seinare så kom
endeleg eit Ravn mål, signert av Harald etter flott framspel av Eirik Tomren. 1-1 holdt seg ut omgangen.
Andre omgang var berre 1 min da Stian Stokke vann ballen på midtbana og spelte ein glimrande stikker til Harald, som aleine med keeper scora sikkert.
7 min seinare vart Harald felt innafor sekstenmeteren og dermed straffe, som Eirik skora sikkert på. Etter femten minutt ut i omgangen så reduserte Hano
til 2-3 på eit langskot via tverrliggaren. 2-4 kom etter at ein Hano forsvarar laga sjølvmål. Fem minutt før slutt så gjorde Eivind Hagen Ravns femte mål. Og for eit
mål! Joakim Sørvik fekk ein perfekt ball på høgresida, forserte framover før han slo eit perfekt innlegg – som Eivind headet i lengste vinkel. Årets mål?
Ein positiv kamp av guttane, der 1. omgang var spelemessig bedre enn 2.omg. Flott jobba av alle mann!

Torbj.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv