Alaget vann 2-0 over Brattvåg 2 på Ravn Stadion.

10 mai 2010
Skrevet av:

Ravns beste i kampen. Kim Andre, Trond og Erik.

Ravns beste i kampen. Kim Andre, Trond og Erik.


5.divisjon avd. 1

Ravn-Brattvåg2 2-0 (1-0)
Ravn kunstgrasbane
Laurdag 8.5. kl. 1300

Mål: 1-0 Trond Hamre (27.), 2-0 Hamre (70.)
Gult: Øyvind K. Krogsæter, Ravn. Hans Edvard Nordang, Hazhim Hassan og Erik Æsøy, alle Brattvåg2.
Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL.
Publikum: ca 40

Ravn: Vebjørn Fjørtoft (keeper), Thomas Aarseth, Erik Vatnehagen Stokke, Øyvind K. Krogsæter, Andrè Fjørtoft, Dag Ruben Misund, Even Vatneødegård, Kim A. Krogsæter, Jørn Heggelund, Trond Hamre, Eivind G. Ulla. Benytta reserver: Ole Magnus Klokset og Toni Ellingsen.
Ravnstjerner (lokal jury): Kim Andrè Krogsæter 3, Trond Hamre 2 og Erik Vatnehagen Stokke 1.
Brattvåg: Frank Wilnes (keeper), Håkon Sæterøy, Werner Elingsæter, Hans Edvard Nordang, Marius Rogne, Hazhim Hassan, Azem Maksumic, Thomas Aarsund, Johan Fiskergård, Erik Æsøy, Lars Martin Vestre. Benytta reserver: Rolv Seth, Peder Skjelten og Kamil Kobus (keeper).

Ravnsiger 2-0 i lokaloppgjeret
Ravn er framleis utan tap i 5. divisjon etter ein fortent seier i lokaloppgjeret mot Brattvåg 2. Trond Hamre ordna begge måla i ein underhaldande og fairspelt kamp.

Kontrastar. Medan Brattvåg må på bygda etter spelarar for 2. laget sitt, sat det heile sju Ravnspelarar klare for innhopp på benken, medan brødrene Bent og Tore Nedrevoll, keeper Holger Tovås og forsvarsklippe Øyvind Farstad er på skadelista.
Trond Hamre er ein fotrapp og teknisk god spelar. Han gav heimelaget leiinga 1-0 med eit skot i vinkelen frå 15-16 m etter ei genial stikkpasning frå Dag Ruben Misund. Hamre fastsette sluttresultatet til 2-0 etter at han sjølv kjempa opp ein tilsynelatande håplaus ball i BIL-feltet, forserte skrått mot mål og plasserte den bak Brattvågs bestemann, Frank Wilnes.
-Vi spelar ein bra 1. omgang og har tidvis mykje bra spel. Men vi manglar den siste pasninga. Følte ikkje vi hadde kontroll før 2-0-målet kom i midten av 2. omgang, seier Ravn-trenar Erlend Fjørtoft til Haramsnytt.
Ravnlaget hadde Eivind G. Ulla som rolig og sikker ballfordelar. Også Dag Ruben Misund framheva seg, i tillegg til dei som den lokale juryen gav stjerner, Kim Andrè Krogsæter, Trond Hamre og Erik Vatnehagen Stokke.
Frispark
Kampen vart innleiingsvis prega av ein dommar som unnlèt å blåse viktige frispark og fekk spelarane mot seg. To unødvendige gule kort måtte til før det roa seg. 5-6 gongar vart driblesterke Hazhim Hassan tatt i 1. omgang. Reaksjonen på manglande frispark kosta teknikaren eit gult kort.
BILs Thomas Aarsund fylte 15 år laurdag og spelte mellom anna saman med veteranen Rolv Seth. 31 års aldersskilnad er det mellom dei to karane. Like før pause spelte Thomas lagkompisen Johan Fiskergård nydeleg gjennom. Den pasninga var det kjensle i. Dessverre for Brattvåg 2 var Ravn-keeper Vebjørn Fjørtoft akkurat tidsnok på ballen. Brattvåg2 fekk annullert eit mål for offside rett før pause.
-Beste laget vinn her i dag. Mange unge får prøve seg hos oss. Det er positivt, seier veteran Håkon Sæterøy, som reknar med å vere klar for 1. lagspel att etter skade om 14 dagar.

Av: aot

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv