Daglig arkiv: 28 mai 2010

Blanda drops for J11 til no.

28 mai 2010
Skrevet av:
J11 på den flotte tribuna på Giske Stadion. Framme f.v: Madeleine, Lisa, Elise, Marie, Emma. Bak f.v: Fride, Synne, Sigana, Hanne.

J11 på den flotte tribuna på Giske Stadion. Framme f.v: Madeleine, Lisa, Elise, Marie, Emma. Bak f.v: Fride, Synne, Sigana, Hanne.

J11 var i går på Giske og spelte kamp. Det var årets første kamp på naturgras.
Den vanlegvis så flotte grasmatta på Giske har fått hard medfart i vinter, og var humpete.

Men Ravnjentene lot seg ikkje hindre av dette. Dei starta kampen med å spele fin fotball,
pasningsspelet sat mykje betre enn i dei tidlegare kampane i år og spelarane bevega seg fint.
Dette ga straks resultat, og vi gjekk kjapt opp i ei 3-0 leiing. Litt problem med mottak av ball,
men det tilskriv vi eit uvant og ujamnt underlag. ”Dette blir lett”, tenkte trenarane. Det tenkte nok spelarane òg.
Men Giskingane var ikkje einige i den vurderinga. Dei rista av seg sjokkåpninga, kjempa seg inn i kampen
igjen og fekk sine velfortjente mål. Vi vart litt for sløve og dermed stod det uavgjort til pause.

Vi bestemte oss i pausa for å prøve å få i gang igjen pasningsspelet og bevegelsane i laget.
Vi lukkast vel berre delvis med det, men gode enkeltprestasjonar og litt tilfeldigheiter gjorde at vi halvvegs
i omgangen leia med 5 mål. Som i 1. omgang kjempa Giskingane seg inn i kampen igjen og reduserte 2 gongar.
Den siste av det vakre slaget, med innlegg fra sida og skot direkte i nettaket. Vakkert.

Alt i alt ein jamn og fairspelt kamp, der begge lag viste stor speleglede. Ravnjentene starta sesongen seint i år,
har litt for få treningar bak seg. Men vi ser fin stigning frå kamp til kamp, spesielt i samspelet.
Og når ballbehandlinga etterkvart blir betre, blir vi ikkje enkle å ha med å gjere. Vi har spela 4 kampar.
2 tap heime og 2 sigrar borte, så vi er eit utprega bortelag så langt! Det skal vi prøve å endre på førstkomande
tirsdag når vi møter Ellingsøy heime. Eit lag vi aldri har møtt før. Det er alltid spanande.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv