Daglig arkiv: 25 mai 2010

J12 med fin sesongstart.

25 mai 2010
Skrevet av:

J98_2010
J12 har startet sesongen med to flotte kamper. Sist torsdag heime mot Harøy og no borte mot Valder.
Begge kampane med god laginnsats og seier. Full poenguttelling og snart tosifra målforskjell.

Jentene har gjort store framsteg, har det kjekt ilag og spelar fin fotball.
Neste kamp er torsdag 27. mai kl. 18.30 heime mot Aksla Blå.
Møt opp og hei jentene fram.

God juniorinnsats: 3-3 mot Valder/Vigra

25 mai 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane reiste seg etter den elendige kampen mot Ø/S, og greidde 3-3 mot Valder/Vigra på heimebane mandag kveld.
Ein herosik laginnsats av det yngste laget vi har stilt med (snittalderen bikka såvidt 17 år) låg bak det flotte resultatet i ein underhaldande og sjanserik kamp.

Med 4-5 av dei faste ute med sjukdom vart Brede og Tommy henta inn frå G16, og begge gjorde ein flott debut.
Ravn gjekk i leiinga då John Ivar vart belønna med straffespark etter ei fin forsering. Even var sikker som gamlebanken og gjorde 1-0.
5 minutt før pause scora Eirik Tomren direkte på frispark, men gjestane reduserte like før pause.
Litt heldig Ravnleiing ved pause, stort keeperspel av Martin var hovurdårsaka.

Va/Vi snudde kampen etter pause med to kjappe mål, og det såg stygt ut for Ravn. Men gutane reiste seg igjen, og banens beste,
kaptein Even utlikna då han var vaken på eit langt framspel. I sluttminutta var vi nærmast sigeren.
John Ivar hadde gode forsøk både med bein og hovud.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv