Vellykka samling i trenerutvikling for barnefotballen.

23 april 2010
Skrevet av:

Markørane (G10) høyrde godt etter når Amund Skiri instruerte.

Markørane (G10) høyrde godt etter når Amund Skiri instruerte.


Det blei ei god samling for trenera, spelera og nokre foreldre som hadde møtt fram. Hallgeir Austnes fra SFK og Langevåg IL (eks-Haramsøying) og Amund Skiri fra Aafk stod for opplegget. Første del foregjekk inne, der Hallgeir Austnes blant anna snakka mykje om korleis ein bør drive det i dei yngre årsklassar. Vi fekk langt på veg stadfesta at det er omlag på same måten vi prøver å gjere ting i IL Ravn. Og når ein får bekrefta at ein er på rett veg. Ja, då er det berre å stå på vidare. Justeringar må ein alltid gjere, og vi fekk mange gode innspel frå Austnes. Amund Skiri supplerte undervegs med sine erfaringer.

Etterpå gjekk turen ut på bana. Der var det Amund Skiri som tok kommandoen og køyrde ei treningsøkt med G10 laget, der hovudfokus gjekk på mottak – pasning. Og det var tydeligvis innspirerande for gutane. Men dette er gutar som og inspirerer seg sjølv. Mange av desse er oppe på bana stort sett kvar dag, enten på trening med sitt eige lag, andre lag eller speler «løkkefotball». Slikt blir det mykje gode fotballspelarar av i IL Ravn. Vi gler oss til å fylgje dei (og resten av laga) vidare.

Tusen takk til Sunnmøre Fotballkrets og Aafk. Dette er viktige tiltak for alle partar.

Hallgeir Austnes hadde mykje gode innspel til ei lydhøyr forsamling.

Hallgeir Austnes hadde mykje gode innspel til ei lydhøyr forsamling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv