Juniorane vann mot Aksla i serieåpninga.

18 april 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane har tapt alle treningskampane i år – til dels stort – men slo til med 4-2 over Aksla i serieåpninga i Ratvika søndag.

Laget: Holger Tovaas, Eirik U Orheim, Jørgen S Tennfjord, Erik V Stokke, Michal Slydal, (Anders Slyngstad) Ole V Hauge, Kenneth Helle (Joakim F Otterlei), Even Vatneødegård, Dag R Misund, John Ivar Eide, Harald Fagervoll (Øystein L Tennfjord)

Spelemessig vart ikkje kampen av dei store, med varierende pasningskvalitet hos begge lag. Aksla åpna best og gjorde 1-0, Ravn var for lite resolutte i forsvarsspelet og gav heimelaget fleire sjanser til å auke. Men så kom Ravn meir med, og to mål av Ole Sivert Vestre Hauge snudde kampen. Det siste var eit skikkelig innsatsmål der tre-fire Ravnspelarar vann viktige dueller i feltet før Ole putta.

Etter pause avgjorde John Ivar Eide med to mål på flotte soloprestasjonar. Først på eit gjennomspel, så “lukta” han eit tilbakespel som han snappa opp opp og omsette i scoring.
Aksla hadde eit visst trykk utover i omgangen, men Ravnforsvaret med stopparane Erik og Jørgen i spissen spelte seg stort opp og avivste det meste. Reduseringa kom på frispark tre minutt før slutt.

Fin laginnsats tar vi med oss vidare,; spelemessig er det heldigvis mykje å gå på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv