Alaget spelte uavgjort 1-1 mot Emblem.

16 april 2010
Skrevet av:
Farleg situasjon i Emblemfeltet etter ein god corner frå Trond Hamre.

Farleg situasjon i Emblemfeltet etter ein god corner frå Trond Hamre.

FAKTA
5. divisjon avd. 1
Emblem Kunstgras 14. april
Emblem-Ravn 1-1 (0-1)
Mål Ravn: Eivind G. Ulla (straffe) 44. min.
Dommar: Alf Furland, Rollon.

Ravn leia kampen til det stod att eitt minutt. Det ville vore greitt med bortesiger.

– Det vart mykje kriging og lite finspel slik det brukar å vere i sesongpremiera.
Begge lag er bra organisert og dermed gir dei motstandaren lite rom å spele på.
Bortsett frå dei første 15 minutta er det vel vi som styrer kampen, seier Ravn-trenar Erlend Fjørtoft.
Han seier målsetjinga for Ravn i år er å utvikle laget og enkeltspelarar. Ole Birger Neergård har gått til SIF og Magnus Sperre Tennfjord har gått til Harøy.
Andrè Fjørtoft og keeperen Vebjørn Fjørtoft er komne inn.
Etter ein vinter med dårlege treningstilhøve, er kunstgraset no endeleg fritt for snø.

Stor framgang
Ravn burde returnert med tre poeng i den rekordtidlege sesongpremiera, men det gjekk likevel betre
enn då laget gjesta Emblem for to år sidan. Då måtte laget returnere gjennom Brusdalen med heile 3-11 i bagasjen.
Fire-fem gongar kom Ravn-spelarar åleine med den gode Emblemkeeperen, men det ville seg ikkje.
Einaste Ravnmålet kom etter eit raid frå Trond Hamre som endte med straffe etter hands. Den sette kaptein Eivind G. Ulla sikkert i nettet rett før pause.
Etter to stongskot lukkast heimelaget med utlikninga heilt på tampen av 2. omgang.
På eit jamnt Ravnlag var Øyvind Farstad klippa i forsvaret og bestemann.

Andre resultat i 1. serierunde: Aksla-Stranda2 4-1, Brattvåg2-Stordal 2-3, Giske-MSIL 1-7, HaNo-Lepsøy 2-1 og Harøy-Hessa 8-1.
Neste serierunde møtest Stranda2-Harøy (17.4) og onsdag Lepsøy-Giske, Stordal-Aksla, Ravn-Brattvåg2, MSIL-Emblem og Hessa-HaNo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv