Månedlig arkiv: april 2010

G13 vann stort.

30 april 2010
Skrevet av:

G13-laget vann i kveld 11-3 mot Emblem på Ravn Stadion.

Solid siger for Alaget.

28 april 2010
Skrevet av:

Ravn slo i kveld Aksla 5-1 i Ratvika. Mål: Even Vatneødegård 2, Trond Hamre 2 og Eivind Ulla 1
Andre resultat i kveld:
Emblem-Lepsøy 2-1. Lepsøy har dermed tapt sine 3 første kamper. Alle med knepne 2-1. Så spelemessig heng Lepsøyingane med, og med litt meir tur kjem nok poenga.
Giske-Hessa 2-4. Hessa har dermed rista av seg stortapet i første runde mot Harøy, og har no vunne 2 på rad.

Comet Sport Ålesund og IL Ravn har inngått klubbavtale

28 april 2010
Skrevet av:

Ravnlogo raud bunn

Comet Sport Ålesund og IL Ravn har inngått ein 4-årig klubbavtale.
Ein del av innhaldet i avtalen er:
-IL Ravn forplikter seg til å kjøpe sitt sportsutstyr med Comet Sport.
-Comet Sport sponsar IL Ravn med Adidas-utstyr for eit avtalt beløp (drakter og lignande).
-Comet Sport arrangerer utstyrskvelder hos IL Ravn.
-IL Ravns medlemmer får rabatt i Comet Sports butikk etter avtalte prosentsatsar.
(Det vil bli levert ut rabattkort til IL Ravns medlemmer for bruk i Comet Sports butikker, i etterkant av at medlemskontigent i IL Ravn er betalt).

Nyttig info for lagleiarar.

26 april 2010
Skrevet av:

Under nedtrekksmenyen Fotballinfo, ligg der no ei side som heiter ABC for lagleiarar.
Der ligg ein link til ei side med mykje god informasjon på kretsen sin side.
Der ligg og eit dokument med info frå vårt eige fotballstyre.

Det er og lagt til ei side som er kalla Nyttige lenkjer. Der er og mykje god informasjon å finne.
Blant anna terminlister, sidene til kretsen, komande Ravnkampar og speleplanar for miniklassane.

Minner og om at det så raskt som mogeleg blir tatt lagbilde av laga og sendt inn til: webred@il-ravn.no

Uavgjort for juniorane.

26 april 2010
Skrevet av:

Ravn – Emblem 1-1.
Juniorlaget sløste med sjansane i 2. omgang, og måtte nøye seg med 1-1 mot Emblem mandag.
Emblem var best før pause og leia 1-0.
Ravn kom bra etter pause, men det vart med eitt mål, ein herleg vinkelsusar frå 25 meter av kaptein Even.

Vellykka samling i trenerutvikling for barnefotballen.

23 april 2010
Skrevet av:

Markørane (G10) høyrde godt etter når Amund Skiri instruerte.

Markørane (G10) høyrde godt etter når Amund Skiri instruerte.


Det blei ei god samling for trenera, spelera og nokre foreldre som hadde møtt fram. Hallgeir Austnes fra SFK og Langevåg IL (eks-Haramsøying) og Amund Skiri fra Aafk stod for opplegget. Første del foregjekk inne, der Hallgeir Austnes blant anna snakka mykje om korleis ein bør drive det i dei yngre årsklassar. Vi fekk langt på veg stadfesta at det er omlag på same måten vi prøver å gjere ting i IL Ravn. Og når ein får bekrefta at ein er på rett veg. Ja, då er det berre å stå på vidare. Justeringar må ein alltid gjere, og vi fekk mange gode innspel frå Austnes. Amund Skiri supplerte undervegs med sine erfaringer.

Etterpå gjekk turen ut på bana. Der var det Amund Skiri som tok kommandoen og køyrde ei treningsøkt med G10 laget, der hovudfokus gjekk på mottak – pasning. Og det var tydeligvis innspirerande for gutane. Men dette er gutar som og inspirerer seg sjølv. Mange av desse er oppe på bana stort sett kvar dag, enten på trening med sitt eige lag, andre lag eller speler «løkkefotball». Slikt blir det mykje gode fotballspelarar av i IL Ravn. Vi gler oss til å fylgje dei (og resten av laga) vidare.

Tusen takk til Sunnmøre Fotballkrets og Aafk. Dette er viktige tiltak for alle partar.

Hallgeir Austnes hadde mykje gode innspel til ei lydhøyr forsamling.

Hallgeir Austnes hadde mykje gode innspel til ei lydhøyr forsamling.

Juniorane vann mot Aksla i serieåpninga.

18 april 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane har tapt alle treningskampane i år – til dels stort – men slo til med 4-2 over Aksla i serieåpninga i Ratvika søndag.

Laget: Holger Tovaas, Eirik U Orheim, Jørgen S Tennfjord, Erik V Stokke, Michal Slydal, (Anders Slyngstad) Ole V Hauge, Kenneth Helle (Joakim F Otterlei), Even Vatneødegård, Dag R Misund, John Ivar Eide, Harald Fagervoll (Øystein L Tennfjord)

Spelemessig vart ikkje kampen av dei store, med varierende pasningskvalitet hos begge lag. Aksla åpna best og gjorde 1-0, Ravn var for lite resolutte i forsvarsspelet og gav heimelaget fleire sjanser til å auke. Men så kom Ravn meir med, og to mål av Ole Sivert Vestre Hauge snudde kampen. Det siste var eit skikkelig innsatsmål der tre-fire Ravnspelarar vann viktige dueller i feltet før Ole putta.

Etter pause avgjorde John Ivar Eide med to mål på flotte soloprestasjonar. Først på eit gjennomspel, så “lukta” han eit tilbakespel som han snappa opp opp og omsette i scoring.
Aksla hadde eit visst trykk utover i omgangen, men Ravnforsvaret med stopparane Erik og Jørgen i spissen spelte seg stort opp og avivste det meste. Reduseringa kom på frispark tre minutt før slutt.

Fin laginnsats tar vi med oss vidare,; spelemessig er det heldigvis mykje å gå på.

Alaget spelte uavgjort 1-1 mot Emblem.

16 april 2010
Skrevet av:
Farleg situasjon i Emblemfeltet etter ein god corner frå Trond Hamre.

Farleg situasjon i Emblemfeltet etter ein god corner frå Trond Hamre.

FAKTA
5. divisjon avd. 1
Emblem Kunstgras 14. april
Emblem-Ravn 1-1 (0-1)
Mål Ravn: Eivind G. Ulla (straffe) 44. min.
Dommar: Alf Furland, Rollon.

Ravn leia kampen til det stod att eitt minutt. Det ville vore greitt med bortesiger.

– Det vart mykje kriging og lite finspel slik det brukar å vere i sesongpremiera.
Begge lag er bra organisert og dermed gir dei motstandaren lite rom å spele på.
Bortsett frå dei første 15 minutta er det vel vi som styrer kampen, seier Ravn-trenar Erlend Fjørtoft.
Han seier målsetjinga for Ravn i år er å utvikle laget og enkeltspelarar. Ole Birger Neergård har gått til SIF og Magnus Sperre Tennfjord har gått til Harøy.
Andrè Fjørtoft og keeperen Vebjørn Fjørtoft er komne inn.
Etter ein vinter med dårlege treningstilhøve, er kunstgraset no endeleg fritt for snø.

Stor framgang
Ravn burde returnert med tre poeng i den rekordtidlege sesongpremiera, men det gjekk likevel betre
enn då laget gjesta Emblem for to år sidan. Då måtte laget returnere gjennom Brusdalen med heile 3-11 i bagasjen.
Fire-fem gongar kom Ravn-spelarar åleine med den gode Emblemkeeperen, men det ville seg ikkje.
Einaste Ravnmålet kom etter eit raid frå Trond Hamre som endte med straffe etter hands. Den sette kaptein Eivind G. Ulla sikkert i nettet rett før pause.
Etter to stongskot lukkast heimelaget med utlikninga heilt på tampen av 2. omgang.
På eit jamnt Ravnlag var Øyvind Farstad klippa i forsvaret og bestemann.

Andre resultat i 1. serierunde: Aksla-Stranda2 4-1, Brattvåg2-Stordal 2-3, Giske-MSIL 1-7, HaNo-Lepsøy 2-1 og Harøy-Hessa 8-1.
Neste serierunde møtest Stranda2-Harøy (17.4) og onsdag Lepsøy-Giske, Stordal-Aksla, Ravn-Brattvåg2, MSIL-Emblem og Hessa-HaNo.

G16-kampen fredag mot Rollon utsett.

15 april 2010
Skrevet av:

G16-kampen er utsatt. Grunnen til dette er at 16-åringane som er på klassetur no er fast i Riga pga askeskya frå Island.
Nytt tidspunkt vert bestemt når ein ser kor tid dei er tilbake.

Trenerutvikling barnefotball på Ravn Stadion.

15 april 2010
Skrevet av:

Amund SkiriOnsdag 21. april er det klart for en ny runde med trenerutvikling barnefotball på Ravn Stadion.
Amund Skiri kjem frå Aafk, og Hallgeir Austnes kjem frå Sunnmøre Fotballkrets. Både trenarar
og foreldre er hjarteleg velkomne. Vi startar kl 18.00 i bygdastova med ein kort seanse, før vi trekker ut på bana.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv