Ny leiar for Ravn Fotball.

05 mars 2010
Skrevet av:

UnniUnni Krogsæter vart på årsmøtet til Ravn Fotball valt til ny leiar for Ravnfotballen. IL Ravn er ein av pionerane innanfor kvinnefotball på Sunnmøre, men på leiarsida har det stort sett berre vore menn. Det er difor med stoltheit vi kan melde at vi igjen har fått ein kvinnelig fotballeiar (Inger Vatnehol var leiar i 1989). I 2008 vart Ravn kåra til årets jenteklubb, og det var på høg tid vi fekk på plass ein kvinnelig leiar igjen.

Unni tek over etter Pål Devold i slutten av mars, etter at ho har fått unnagjort UKM. Pål fortset i fotballstyret, men gjeng etter eige ønskje over i ei meir «operativ» rolle, der han vil styre meir med praktanlegget vårt.

Unni skulle vere velkjent for dei fleste i bygdene våre. Ho er ei svært aktiv dame. Blant anna har ho dei 3 siste åra vore leiar i Vatne Juniorkorps. Unni er bosett på Krogsætra, gift med Vebjørn,  har 4 aktive born i alderen 14-20 år. Ho har tidlegare vore i fotballstyret, har spelt fotball sjølv og gler seg stort til denne utfordringa.

I tillegg vart Susanne Grytten, Vebjørn Vatnehol og Jan Vatnehol valt inn i styret. Jonny Breivik, Jørn Heggelund, Tone Gridseth og Pål Devold fortset frå det gamle styret. Det er med andre ord ein svært solid gjeng som skal ta Ravnfotballen til nye høgder!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv