Årsbeste av Ravn, 4-2 over Skodje
Ravn viste oppløftande takter og vann 4-2 over Skodje (4.div) på ei perfekt Norborgbane fredag kveld.
Skodje leia 2-1 etter ein jamnspelt 1.omgang, etter scoringar der Ravnforsvaret ikkje var dyktige nok i luftduellane framfor eige mål. Ravns mål kom etter eit gjennomspel der Trond Hamre brukte fart og ballkontroll, forserte og avslutta sikkert.
Ravn kom sterkt etter pause. Midtbanen jobba godt og var konstruktiv, og ein offensiv og pasningssikker venstreback Thomas Aarset var villeg med i angrep. Laget var flinke til å vende spelet og bruke kantane, og det resulterte m.a. i mange gode innlegg frå Gunnar Tvedt på høgrekanten. 3-2 målet kom etter eit slikt mønsterangrep med mange trekk og direktespel, før overlegget frå Gunnar etter litt fram og tilbake vart dundra i mål av Dag Ruben.
Like før hadde Trond utlikna med ein susar direkte på frispark frå 18 meter.
Mot slutten dominerte Ravn fullstendig mot eit litt redusert og slitent Skodjelag med kun ein innbyttar. Tony gjorde 4-2 i sluttsekunda med eit velplassert skot frå 25 meter.
Ein god Ravnkamp, med store pluss til Kim, Øyvind F, Thomas og Trond. Småpluss til Gunnar, Dag og Bent Erik som alle spelte seg stort opp i 2.omgang. Og absolutt godkjent til dei andre også, der Eirik Tomren (15) debuterte på seniornivå (innandørs 7-er på Harøya tel ikkje!).
Laget: Holger, Bent, Øyvind K (Gunnar) Øyvind F, Thomas, Dag, Even,(Tony) Jørn, (Eivind) Kim, Jørn H (Eirik) Myndig dommer: Bjarte Steinsbu.