Månedlig arkiv: mars 2010

Årsbeste av Ravn, 4-2 over Skodje.

29 mars 2010
Skrevet av:
Alaget anno 2009.

Alaget anno 2009.

Årsbeste av Ravn, 4-2 over Skodje

Ravn viste  oppløftande takter og vann 4-2 over Skodje (4.div) på ei perfekt Norborgbane fredag kveld.

Skodje leia 2-1 etter ein jamnspelt 1.omgang, etter scoringar der Ravnforsvaret ikkje var dyktige nok i luftduellane framfor eige mål. Ravns mål kom etter eit gjennomspel der Trond Hamre brukte fart og ballkontroll, forserte og avslutta sikkert.

Ravn kom sterkt etter pause. Midtbanen jobba godt og var konstruktiv, og ein offensiv og pasningssikker venstreback Thomas Aarset var villeg med i angrep. Laget var flinke til å vende spelet og bruke kantane, og det resulterte m.a. i mange gode innlegg frå Gunnar Tvedt på høgrekanten. 3-2 målet kom etter eit slikt mønsterangrep med mange trekk og direktespel, før overlegget frå Gunnar etter litt fram og tilbake vart dundra i mål av Dag Ruben.

Like før hadde Trond utlikna med ein susar direkte på frispark frå 18 meter.

Mot slutten dominerte Ravn fullstendig mot eit litt redusert og slitent Skodjelag med kun ein innbyttar. Tony gjorde 4-2 i sluttsekunda med eit velplassert skot frå 25 meter.

Ein god Ravnkamp, med store pluss til Kim, Øyvind F, Thomas og Trond. Småpluss til Gunnar, Dag og  Bent Erik som alle spelte seg stort opp i 2.omgang.  Og absolutt godkjent til dei andre også, der Eirik Tomren (15) debuterte på seniornivå (innandørs 7-er på Harøya tel ikkje!).

Laget: Holger, Bent, Øyvind K (Gunnar) Øyvind F, Thomas, Dag, Even,(Tony) Jørn, (Eivind) Kim, Jørn H (Eirik) Myndig dommer: Bjarte Steinsbu.

23 Ravnlag påmeldt til årets sesong.

20 mars 2010
Skrevet av:

J10 Rema 1000 cup Volda 2009Etter at lagspåmeldinga til årets sesong er unnagjort viser oppteljinga at 23 lag frå IL Ravn er påmeldt. Dette er ein nedgang frå ifjor, men antallet spelarar er omtrent det samme som før. Laga som ikkje stiller i år er Herre 7 (som gir seg på topp…) og Dame 7. Ellers er det eit par av laga som stiller med eit lag, som i fjor stilte med 2 lag.

Antal 11ar-lag vi stiller har derimot auka. Både G13, G14, G16, Junior og Alag stiller i år med 11ar-lag. Så mange 11ar-lag har vi aldri sett i Ravn tidlegare. Gledeleg er det også at vi stiller lag i alle årsklasser både på gute og jentesida frå og med 7 til og med 16 år. Det er svært gledeleg for ein klubb med det befolkningsgrunnlaget som IL Ravn har. Eit tydeleg bevis på det gode arbeidet som blir gjort i barne og ungdomsavdelinga til IL Ravn.

På bilete kan du sjå J99, flotte representantar frå Ravnfotballen. Dette laget skal i år for første gong spele 7ar-fotball og gleder seg stort til det.

Tine Fotballskule på Ravn Stadion 20.-22. august.

17 mars 2010
Skrevet av:
Alltid gøy på Ravn Stadion
Alltid gøy på Ravn Stadion

Det blir Tine Fotballskule på Ravn Stadion i år og. Sett av helga 20.-22. august. Vår fotballskule har lenge vore kjent for sin gode kvalitet og engasjerte instruktørar. Og i 2010 satsar vi på å bli enda betre. Dette blir garantert ein flott opplevelse. Meir informasjon om påmelding og anna kjem seinare.

Vellukka kurs i ernæring og skadeforebygging.

17 mars 2010
Skrevet av:

Kurset var både interessant og lærerikt. Dei fleste frammøtte var naturlegvis frå Ravn, men det var og ein god del som hadde tatt turen frå Brattvåg IL, Brattvåg Svømmeklubb og Haram HK. Mange gode impulsar å ta med seg vidare både for trenarar og utøverar. Meir kan du lese her: Reportasje Haramsnytt

Ei lydhøyr forsamling

Ei lydhøyr forsamling

Trenar Erlend veit ikkje heilt kva han skal tru...

Trenar Erlend veit ikkje heilt kva han skal tru...

DSC_0015

Randulf Bakken fortset som leiar i IL Ravn.

17 mars 2010
Skrevet av:

RandulfRandulf Bakken tek eit år til som leiar i IL Ravn. Med seg i styret får han Yvonne Bjørkevoll (nestleiar), Asbjørn Leine (skrivar), Øystein Grytten (kasserar), Beate Pedersen (styremedlem), Unni Krogsæter (leiar fotball), Arne Vatne (leiar ski).

Ravn slo HaNo 3-2 i Uggedalen.

11 mars 2010
Skrevet av:

stokke

Kampreferat Ravn – HaNo 3-2

10.03.2010

Dommer: Arild Vegsund

Kampen ble spilt under glimrende forhold på Norborg si flotte kunstgrasbane. Og det var Ravn som kunne juble da en god Arild Vegsund blåste i fløta etter 90 minutter. Sluttresultatet ble 3-2 (1-2).

Etter en vinter med uvanlig mye snø var det endelig klart for en treningskamp på gode forhold. Kampen starta famlende og det var mange pasningsfeil fra begge lag. Det meste av spelet foregikk på midtbana og dei store sjansane uteble. Etter hvert tok Ravn over initativet og produserte noen halvsjanser. Etter ca 20min spel tar Stian et innkast på venstresida, Trond lar ballen sprette forbi og bruker farten sin til å komme rundt. Innlegget er lavt og havner til slutt ute på 18 meter. Der står Øyvind Koppen og setter ballen hardt og  utagbart forbi HaNo sin målmann. 1-1 kommer etter mange tapte dueller i forsvar. En HaNo spiller står alene på 8 meter å kan enkelt sette inn reduseringen. HaNo er effektive og etter et godt slått hjørnespark kan en HaNo spiller sette ballen enkelt i mål med hode. 

I andre omgang hever Ravn seg mange hakk. Pasningsspelet er mye bedre og HaNo spillerne blir springende mye imellom. Etter 10 min starter Bent-Erik et flott angrep på høyre siden der Jørn legger inn til Dag Ruben som breisider ballen via stolpen og i mål. Vinnermålet kommer etter godt forarbeid av Knut Egil og Trond. Jørn får stå fri på bakerste å setter ballen kontrollert i lengste hjørne. HaNo fører kampen det siste kvarteret og er nær en redusering da ballen teffer stolpen. Alt i alt en fortent Ravn seier og ei god gjennomkjøring. Kjekt å sjå Thomas gjer en solid innsats på back og at Bent Erik er på gang etter å ha vært mye ute å reist siden sesongslutt i fjor. Vi hadde også en debutant i Erik Stokke som gjorde en kjempe bra jobb som stopper og rydda unna når HaNo pressa dei siste minutta. 

Laget: Holgeir (Sven 45), Thomas, Øyvind F, Kim, Stian (Bent Erik 45), Jørn, Even (Erik 60), Øyvind K, Dag Ruben, Trond (Tony 70), Knut Egil.

G2000 pluss nokre til på Istad Cup.

11 mars 2010
Skrevet av:

 

Gutter fra G1999  G2000 og G2001 Istad cup 2010Gutter 2000 var påmeldt til Istad cup den 20.02, med 2 lag. Denne cupen foregår i Træff hallen på Molde. Det var gutter fra G2000 og 3 stk fra G2001 som opprinnelig skulle reise, men på grunn av sykdom måtte vi til G1999 å låne 3 flinke gutter. Stor takk til de 3 for oppmøte på kort varsel og flott innsats på Molde. Vi møtte lag fra aldersgruppen 2000 og 1999 der inne, dette pga liten påmelding. Etter 3 kamper mot 2 Træff lag fra 1999 og 3 kamper mot 2 Træff lag og 1 lag fra Eidet og Omegn IL ente våre gutter opp med 5 seiere på 6 kamper. Kjempeflott innsat av alle sammen. Etter en liten meningsmåling blant spillerne på fergen heim, ble vi enige om å prøve å finne flere slike cuper å reise på.

G2000 på tur til Sunnmørshallen.

07 mars 2010
Skrevet av:

11. Martin tar kontroll som dommerGutter 2000 var i Sunnmørhallen16.02 for å spille kamper mot Aafk. 4 kamper og 3 seire vart fasiten, gode prestasjoner og flott innsats av guttene. Keepertrener Martin var med og guidet keeperne med stødig hand. Han steppet også inn som dommer 2 kamper. Stor takk til Martin for innsatsen. Tydlig at guttene begynner å få sving på sakene, så får vi håpe de fortsetter den gode utviklingen og beholder treningsiveren.

Ny leiar for Ravn Fotball.

05 mars 2010
Skrevet av:

UnniUnni Krogsæter vart på årsmøtet til Ravn Fotball valt til ny leiar for Ravnfotballen. IL Ravn er ein av pionerane innanfor kvinnefotball på Sunnmøre, men på leiarsida har det stort sett berre vore menn. Det er difor med stoltheit vi kan melde at vi igjen har fått ein kvinnelig fotballeiar (Inger Vatnehol var leiar i 1989). I 2008 vart Ravn kåra til årets jenteklubb, og det var på høg tid vi fekk på plass ein kvinnelig leiar igjen.

Unni tek over etter Pål Devold i slutten av mars, etter at ho har fått unnagjort UKM. Pål fortset i fotballstyret, men gjeng etter eige ønskje over i ei meir «operativ» rolle, der han vil styre meir med praktanlegget vårt.

Unni skulle vere velkjent for dei fleste i bygdene våre. Ho er ei svært aktiv dame. Blant anna har ho dei 3 siste åra vore leiar i Vatne Juniorkorps. Unni er bosett på Krogsætra, gift med Vebjørn,  har 4 aktive born i alderen 14-20 år. Ho har tidlegare vore i fotballstyret, har spelt fotball sjølv og gler seg stort til denne utfordringa.

I tillegg vart Susanne Grytten, Vebjørn Vatnehol og Jan Vatnehol valt inn i styret. Jonny Breivik, Jørn Heggelund, Tone Gridseth og Pål Devold fortset frå det gamle styret. Det er med andre ord ein svært solid gjeng som skal ta Ravnfotballen til nye høgder!

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv