Jan Vatnehol ny Harøytrenar.

06 januar 2010
Skrevet av:

IL Ravns Jan Vatnehol har takka ja til å trene Harøys seniorlag på herresida. Harøy ligg i 5. divisjon saman med Ravn, men det er enno ikkje kjent om laga havnar i samme avdeling. Jan er ein velkjent skikkelse i Haramsfotballen, og har forutan Ravn også vore innom Brattvåg og Norborg. I 2009 har Jan vore manager for IL Ravn sitt gode Herre 7 lag, som tok sølv bak Aafk i 7er-serien på Sunnmøre (og som ifølgje sentrale personar på laget er moralske krinsmeistarar, etter at dei blei frårøva sigeren mot Aafk i Sunnmørshallen av ein heimedommar som ikkje hadde dagen). I tillegg til å vere manager, var Jan og ein av berebjelkane i laget.

Som spelar vil nok Jan med fleire hevde han hadde sin styrke i teknikk og overblikk, medan andre kanskje vil hevde at han var best til å prate :mrgreen:

Uansett vil vi tru at Harøy har fått seg ein god trenar. IL Ravn ønskjer Jan lykke til på Harøya, og trur at dei fort kan knipe 2. plassen bak Ravn i årets 5. divisjon…(om laga kjem i samme avdeling). IL Ravn ser og på det som positivt at våre trenarar reiser ut og skaffar seg meir kompetanse, og at dei forhåpentlegvis returnerar til Ravn på eit seinare tidspunkt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv