Månedlig arkiv: januar 2010

Vellukka sonerenn på Vatneeidet.

31 januar 2010
Skrevet av:

P1310017

IL Ravn arrangerte sonerenn med godt og vel 100 deltakarar søndag 31. januar. 42 deltok i klassa under åtte år, medan resten deltok i jente- og guteklassene frå åtte til og med 15 år. Godt preparerte løyper og kaldt vinterver møtte deltakarane, som alle fekk lik premie for innsatsen.  Neste sonerenn går på Skodje om 14 dagar.

Sonerenn ved Ravn Stadion søndag 31.01 kl 13.

27 januar 2010
Skrevet av:

LangrennsjenteIL Ravn inviterar til sonerenn i lysløypa søndag 31.01 kl 13. NB! Sonerennet gjeng i klassisk stil. Påmelding til arnt-ove@adsl.no eller tlf 99335508 innan 29.01. Registrering og henting av startnr. i Eidet Kulturhall på nedsida av hallen (mot grusbana). Startkontigent kr 50 (ta med akkurat beløp om mulig). Premiering, kiosksal.

Invitasjon: Sonerenn

Barneskirenn på tirsdagane framover (02.02, 09.02).

26 januar 2010
Skrevet av:

Det vert barneskirenn ved stadion eit par tirsdagar framover (og ikkje torsdagar som vi kom i skade for å melde).

Samling for dommere.

25 januar 2010
Skrevet av:

IS554-032

Dommerutvalget i Sunnmøre fotballkrets vil med dette invitere interesserte klubbdommere/rekrutteringsdommere og autoriserte dommere til en hyggelig kveld sammen der det vil bli vist dvd med situasjoner for diskusjon.

Andre interesserte kan selvfølgelig også melde seg på arrangementet.

Dette skjer i Eidet Kulturhall (bygdastova) 9. februar. Påmelding innan 4. februar til: Geir Arne Nordby. Tlf: 92 05 98 52. Mail: nordby38@hotmail.com eller geir.nordby@fiskerstrand.no

Invitasjonen finn du her: dvd- kveld

Oppdatert traktornytt!

22 januar 2010
Skrevet av:

Traktoren skulle vere her mandag, men eit kraftuttak måtte endrast for å tilpassast freseutstyret. Det vart difor utsetjing. Siste nytt er at den skal vere her på torsdag

Gamal sak: (Som mange har fått med seg så har IL Ravn bestilt seg traktor med utstyr til vedlikehald og snørydding av kunstgrasbana. Skuffelsen var derfor stor når leverandøren kunne melde at dei ikkje hadde fleire traktorar på lager i heile Europa. Men, dei er velvillige og låner oss difor ein traktor så lenge. Den skal vere på plass ved Ravn Stadion på mandag, og arbeidet med å rydde bane kan starte. Det vil naturlegvis ta noko tid å få snøen vekk. Vi anslår det til å ligge ca 5000-6000 kubikkmeter med snø på bana. Ei mengde som tilsvarar omlag volumet av 10-12 svømmebasseng som det i Brattvågen…om webredaksjonen har rekna rett.)

Fantastisk fine løyper!

11 januar 2010
Skrevet av:

langrennLysløypa i området rundt stadion byr no på svært gode forhold for skigåing. Løypene er flott preparerte. Ut å gå på ski folkens!

Jan Vatnehol ny Harøytrenar.

06 januar 2010
Skrevet av:

IL Ravns Jan Vatnehol har takka ja til å trene Harøys seniorlag på herresida. Harøy ligg i 5. divisjon saman med Ravn, men det er enno ikkje kjent om laga havnar i samme avdeling. Jan er ein velkjent skikkelse i Haramsfotballen, og har forutan Ravn også vore innom Brattvåg og Norborg. I 2009 har Jan vore manager for IL Ravn sitt gode Herre 7 lag, som tok sølv bak Aafk i 7er-serien på Sunnmøre (og som ifølgje sentrale personar på laget er moralske krinsmeistarar, etter at dei blei frårøva sigeren mot Aafk i Sunnmørshallen av ein heimedommar som ikkje hadde dagen). I tillegg til å vere manager, var Jan og ein av berebjelkane i laget.

Som spelar vil nok Jan med fleire hevde han hadde sin styrke i teknikk og overblikk, medan andre kanskje vil hevde at han var best til å prate :mrgreen:

Uansett vil vi tru at Harøy har fått seg ein god trenar. IL Ravn ønskjer Jan lykke til på Harøya, og trur at dei fort kan knipe 2. plassen bak Ravn i årets 5. divisjon…(om laga kjem i samme avdeling). IL Ravn ser og på det som positivt at våre trenarar reiser ut og skaffar seg meir kompetanse, og at dei forhåpentlegvis returnerar til Ravn på eit seinare tidspunkt.

Sonerenn.

06 januar 2010
Skrevet av:

langrenn

Siste helga i januar skal IL Ravn arrangere sonerenn i lysløypa ved Ravn Stadion. Snø har vi i massevis, løyper er fine og forholda gode. Så det er berre og komme seg ut å trene! Meir info om sonerennet kjem litt seinare.

Damelagstrening tirsdag 05.01 kl 20 i hallen.

04 januar 2010
Skrevet av:

Det ser heldigvis ut som Ravn skal greie å stille eige damelag i år. I fjor måtte ein som kjent trekke damelaget (samarbeidslag med Norborg) midt i sesongen. Fleire tek i år steget opp fra fjorårets J16-lag, og desse vil bli verte stamma i damelaget. Trenarspørsmålet er enno ikkje avklara, men med ein slik gjeng reknar vi med at det berre er eit tidsspørmål før det er på plass.

IL Ravn investerer i traktor.

02 januar 2010
Skrevet av:

TraktorIL Ravn har bestilt seg traktor. Traktoren som er av merke John Deere 3720 (lignande den som er avbilda), skal vere på plass i løpet av januar. Den skal brukast til vedlikehald av kunstgrasbana. Dvs til den ukentlege slåddinga. Den vil og verte brukt til snørydding, og skal leverast med både snøskjær og snøfres. Eit stort, men naudsynt løft for idrettslaget, slik at vi no kan vedlikehalde kunsgrasbana på rette måten.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv